Nieuwe Waterweg («Nye vassvegen») er ein kanal i Nederland frå het Scheur (ei grein av Rhinen-Maas-deltaet) vest for byen Maassluis til Nordsjøen ved Hoek van Holland. Dette er den kunstige munningen til elva Rhinen.

Nieuwe Waterweg
elv
Niuewe Waterweg
Land  Nederland
Lengd 10 km
Kjelde Het Scheur
Munning Nordsjøen
Kart
Nieuwe Waterweg
51°56′31″N 4°11′29″E / 51.941944444444°N 4.1913888888889°E / 51.941944444444; 4.1913888888889
Plasseringa til Nieuwe Waterweg
Plasseringa til Nieuwe Waterweg
Plasseringa til Nieuwe Waterweg
Wikimedia Commons: Nieuwe Waterweg

Nieuwe Waterweg opna i 1872 og har ei lengd på om lag 10 km. Han vart bygd slik at havgåande skip kunne ta seg opp til hamna i Rotterdam sidan dei naturlege greinene til Maas-Rhinen mudra til. Kanalen er ei travel skipsåre opp til ei av dei travlaste hamnene i verda, Europoort i Rotterdam. Ved utgangen til sjøen ligg det eit flaumvernsystem kalla Maeslantkering som stod ferdig i 1997. Det er ingen bruer eller tunnelar som kryssar Nieuwe Waterweg.

Historie endre

På midten av 1800-talet var Rotterdam alt ein av dei største hamnebyane i verda, hovudsakleg på grunn av omlasting av varer frå Tyskland til Storbritannia. Den auka skipstrafikken skapte eit kapasitetsproblem sidan det var for mange greiner i elvedeltaet og det var vanskeleg å nå hamna.

I 1863 vart det vedteke ei lov som gjorde at ein kunne byggje ein ny kanal for havgåande skip opp til Rotterdam frå Nordsjøen. Vassbyggingsingeniøren Pieter Caland fekk oppdraget med å teikne ein kanal som gjekk gjennom Hoek van Holland for å forlenge munningen av Rhinen ut til sjøen. Teikningane for dette vart alt gjort i 1731 av Nicolaas Samuelsz Cruquius, men bygginga kunne ikkje lenger utsetjast for å hindre tilbakegang for hamna i Rotterdam.

Bygginga tok til 31. oktober 1863. Den første fasen bestod i å få eigedomsretten til jordbruksområda frå Rozenburg til Hoek van Holland.

I den andre fasen vart det bygd to dike parallelt til kvarandre og dette tok to år. Caland føreslo å forlenge dika 2 km ut i sjøen for å hindre kyststraumane og avgrense avleiringa i skipsleia.

Då dika var bygd byrja den tredje fasen med å grave ut sjølve vassvegen. Dette arbeidet tok til 31. oktober 1866 og tok slutt tre år seinare. Dei store mengdene med jord som vart fjerna vart nytta til å forsterke andre demningar og dike.

Den siste fasen bestod i å fjerne demninga mellom den nye vassvegen og sjøen i eine enden og ved elva i den andre. I 1872 stod Nieuwe Waterweg ferdig og Rotterdam vart lett tilgjengeleg.

På grunn av straumar og erosjon har skipsleia vorte noko breiare. På grunn av djupgangen til dagens supertankarar må kanalen likevel konstant mudrast opp.

I 1997 stod den siste delen av Deltaprosjektet ferdig, Maeslantkering, nær munningen av Nieuwe Waterweg. Denne stormflodbarriéren vernar Rotterdam mot flaum under kraftig vind frå nordvest og vest.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nieuwe Waterweg