Republique du Niger

(norsk: Niger, nigersk)

Det nigerske flagget Det nigerske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «La Nigérienne»
Motto Fraternité, Travail, Progrès
(Brorskap, arbeid og fremskritt)
Geografisk plassering av Niger
Offisielle språk Fransk, hausa, djerma, tamajaq
Hovudstad Niamey
Styresett
Republikk
Mahamadou Issoufou
Brigi Rafini
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 267 000 km² (21.)
0,02 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
19 245 344 (61.)
15,2 /km² (175.)
Sjølvstende
frå Frankrike
3. august 1960
Nasjonaldag 18. desember
(Republikkens dag)
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
18 960 mill. USD (142.)
1 300 USD (190.)
Valuta CFA-franc (XOF)
Tidssone UTC +1
Telefonkode +227
Toppnivådomene .ne


Niger er ein stat i Vest-Afrika, og har grense i nord mot Algerie og Libya, i aust mot Tsjad, i vest mot Burkina Faso og Mali og i sør mot Nigeria og Benin. Niger er eit av verdas varmaste land og 80 % av landet er i ørkenen Sahara.

Niger er eit fattig land og har også i vår tid sveltekatastrofar.

Geografi endre

 
Kart over Niger
 
Tradisjonell bustad i Zinder.

Ørkenområda i Sahara dekker to tredelar av Niger. Klimaet er varmt og for det meste tørt, men det varierer mykje, både etter årstid og landsdel. Heile den nordlege delen av landet består av eit tørt høglandsområde, som er ein del av ei fjellkjede som strekker seg frå Algerie til Tsjad. Mot aust ligg ørkenen, med sanddyner og enorme områder av stein. Berre i sørvest, der elva Niger kryssar landet, finst det fruktbar jord som blir overflødd i den korte regntida.

Niger har eit rikt planteliv med mange ulike tre, og med daddelpalmar i utkanten av ørkenen. Av større ville dyr finst antiloper, løver, bøflar og eit fåtal elefantar. Det finst også nokre få sjiraffar som utgjer den siste flokken i Vest-Afrika. Langs Nigerelva finst det krokodillar og flodhestar. Mange av artane er truga.

Klima endre

Vêret i Niger er prega av det subtropiske høgtrykksbeltet og korleis dette endrar seg med årstidene. Dei nordlege områda av Niger strekkjer seg inn i Sahara og har ein årsnedbør under 50 mm. Temperaturen er høgast i april–mai med middeltemperaturar 33–34 °C, lågast i januar med 18–22 °C.

Dei sørlege områda er ein del av savannelandskapet Sahel, som får regntid mellom mai og september. Regnmengdene kan derimot variere ein god del frå år til år og berre kring 10 % av landet har ein årsnedbør over eller omkring 500 mm. Niamey, som ligg heilt sør i landet, har ein årleg nedbørsnormal på 554 mm. Årstemperaturen i savannestrøket er omkring 28 °C, medan middeltemperaturen i januar går ned i 22–25 °C. Både dei daglege og årlege temperatursviningane er store. Niamey har til dømes ein årsamplitude på 10 °C og ein dagleg middelamplitude på 16 °C.

Historie endre

Sjølv om det meste av det som i dag er Niger er blitt underordna den barske Saharaørkenen dei siste to tusen åra, bestod den nordlige delen av landet stort sett av fruktbare sletter fram til for 5000 år sidan. Pastoralistar og jordbruksfolk har etterlate seg måleri av rikt dyreliv, domestiserte tamdyr, vogner og ein kompleks kultur som har opphav tilbake til 10 000 f.Kr. Det finst fleire tidlegare nordlege landsbyar og arkeologiske funnstader frå den neolittiske grøne Sahara-perioden frå rundt 7 500-7 000 til 3 500-3000 f.Kr.[1]

Dei eldste folkeslaga ein kjenner til som slo seg ned i Niger var fulani- og tuaregno-nomadar fra nord, og hausaer frå aust. Dette er også i dag dei største folkegruppene i landet. Mot slutten av 1800-talet tok Frankrike gradvis over kontroll over landet. I 1922 blei Niger ein del av Fransk Vest-Afrika, og i 1946 blei området eit fransk oversjøisk territorium.

Etter frigjeringa i 1960 bestemte den fyrste presidenten Hamani Diori seg for å halda på det økonomiske sambandet med Frankrike. I 1974 gjennomførte oberst Seyni Kountche eit kupp i landet, og innførte militærdiktatur. Han døydde i 1987, etter ei rekkje kuppforsøk utført av kollegar i hæren. Han blei etterfølgd av den meir moderate og populære general Ali Seybou. Den republikanske grunnloven i Niger var blitt avskaffa i 1974, og all politisk verksemd blei forboden. I 1988 blei det sett i gang arbeid med å innføra ein ny grunnlov basert på eit eittpartisystem, og i 1989 blei sivilt styre gjeninnført. I 1992 blei det kunngjort at det skulle innførast fleirpartisystem, som en reaksjon på uro i landet. I 1993 blei det fyrste demokratiske presidentvalet i historia til Niger gjennomført.

I 1999 blei Tandja Mamadou vald til president, og i 2004 blei han gjenvald. I august 2009 oppløyste han nasjonalforsamlinga og innførte endringar i grunnloven slik at han kunne sitja i meir enn to periodar. Dette var tidlegare erklært grunnlovsstridig av høgsteretten, noko som førte til at presidenten oppløyste høgsteretten og utnemnde ein ny rett med nye medlemmer nokre dagar seinare.[2] Det følgde protestar og uro, og forhandlingar mellom opposisjonen og regjeringa braut saman 14. februar 2010. Fire dagar seinare blei det meldt om skyting i hovudstaden Niamey, og grensene blei stengde. Militære leiarar kunngjorde at presidenten og regjeringa var tatt til fange, og at det var innført unntakstilstand og portforbod om natta.[3] Ein militærjunta leia av Salou Djibo tok makta. Etter frie val i 2011 overtok Mahamadou Issoufou presidentmakta.[4]

Etter at Issoufou hadde kunngjort at han kom til å trekka seg gjekk blei det halde val 27. desember 2020 i forkant av den fyrste fredelege maktoverføringa i landet nokonsinne.[5] Ingen av kandidatane vann absolutt fleirtal. Mohamed Bazoum kom nærast med 39,33 %. Etter grunnlova blei det halde eit oppfølgjarval 20. februar 2021 der Bazoum fekk 55,75 % av stemmene og opposjonskandidaten (og tidlegare president) Mahamane Ousmane fekk 44,25 %.[6]

31. mars 2021 avverga tryggleiksstyrkane i Niger eit kuppforsøk frå ei militæreining i Niamey få dagar før den nyvalde presidenten skulle sverjast inn. Fleire folk blei arresterte.[7] 2. april 2021 blei Bazoum teken i eid som president av Niger i den fyrste demokratiske maktoverføring i landet sidan sjølvstendet i 1960.[8]

Kjelder endre

  1. Gwin, Peter (September 2008): «Lost Tribes of the Green Sahara», National Geographic
  2. «Niger anger at court appointment», BBC News, publisert 3. juli 2009. Besøkt 19. februar 2010
  3. «Military coup ousts Niger president», BBC News, publisert 19. februar 2010. Besøkt 19. februar 2010
  4. «Niger election: Opposition's Mahamadou Issoufou wins», BBC News, 14. mars 2011.
  5. AfricaNews (7. januar 2021). «Nigerien President Mahamadou Issoufou set to exit power». Africanews (på engelsk). Arkivert frå originalen 4 February 2021. Henta 5. februar 2021. 
  6. «Niger election: Mohamed Bazoum wins landmark vote amid protests». BBC News (på engelsk). 23. februar 2021. Arkivert frå originalen 23 February 2021. Henta 23. februar 2021. 
  7. «Niger: Attack on presidential palace an 'attempted coup'». www.aljazeera.com (på engelsk). Henta 31. mars 2021. 
  8. Zandonini, Giacomo (2 April 2021). «Mohamed Bazoum sworn in as Niger's president amid tensions». Aljazeera. Henta 26 August 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Niger