Nikiforos Lytras (18321904) var ein gresk målar knytt til München-skulen.

Nikiforos Lytras

Statsborgarskap Hellas
Fødd 1832
Pánormos
Død

13. juni 1904 (72 år)
Aten

Yrke kunstmålar, universitetsansatt
Språk gresk
Far Chatziantonis Lytras
Nikiforos Lytras på Commons

Liv endre

Som fleire andre greske målarar var Lytras fødd på Tínos. Han lærte målarkunst ved biletkunstakademiet i Aten før han i 1860 vann eit stipend til å studera i München, og fekk Carl von Piloty som lærar. Etter fullendte studie i 1866 blei han tilsett som professor i Aten, og hadde stillinga livet ut.

I 1873 og dei neste fire åra la han ut på reiser til Smyrna, Vesle-Asia, Egypt og München igjen, saman med målaren Nikolaos Gysis. I 1879 gifta han seg med Irini Kiriakidi, dotter av ein kjøpmann i Smyrna. Dei fekk seks barn. Sonen Nikolaos Lytras følgde i fotspora hans, han studerte også målarkunst i München.

Verk endre

Lytras skapte akademisk kunst i tråd med det han hadde lært München, men hadde særskild interesse for folkelivsskildringar og portrett. Under tida i München måla han særleg måleri med tema frå gresk historie og mytologi. Etter at han kom tilbake til Hellas byrja han måla portrett og bilde frå dagleglivet, noko han også fanga på reisene sine. Mot slutten av livet måla Nikiforos Lytras mange bilde med aldring, einsemd og dødsangst som tema.

Døme endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nikiforos Lytras