Nikolai Astrup

norsk målar
For den norske politikaren for Høgre, sjå Nikolai E. Astrup.

Nikolai Astrup (30. august 188021. januar 1928) er rekna som ein av dei største norske kunstnarane frå tidleg 1900-tal.

Nikolai Astrup

Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. august 1880
Bremanger kommune
Død

21. januar 1928 (47 år)
Førde

Yrke kunstmålar, grafikar
Mor Petra Constanse Lodtz Astrup
Ektefelle Engel Astrup
Born Turi Astrup
Nikolai Astrup på Commons
Soleienatt av Nikolai Astrup.

Kunstnaren sette pris på sterke, klare fargar og skildra oftast natur, hovudsakleg frå heimbygda si i Jølster. Astrup høyrde til den nyromantiske rørsla av kunstnarar. Fleire av bileta hans, som vert rekna som naivistiske og ekspressive, er selde for millionsummar i dei store auksjonshusa i Europa. Medan kunstnaren sjølv var i live gav han dei same bileta vekk i byte mot mat.

Han studerte kunst hos Harriet Backer mellom 1899 og 1901 og hos Christian Krogh i Paris i 1902. I tillegg til måleri er han også kjent for tresnittarbeida sine.

Livssoge endre

Astrup var son til presten Christian Astrup og Petra f. Mørch Lodtz.[1] Han vart fødd på prestegarden Kalvåg i Bremanger, men då han var tre år gamal, flytta familien til prestegarden på Ålhus i Jølster, der far hans fekk stillinga som sokneprest. Her har det i seinare tid vorte reist ein bauta over kunstnaren, som er gravlagt saman med kona, Engel Astrup, på Ålhus kykjegard.

Nikolai Astrup studerte ved Trondheim katedralskole der han tok eksamen i 1897. Tilbake i Jølster verka han som lærar for dei yngre syskena, og teikna og måla på eiga hand.

 
Nikolai Astrup saman med ein ukjend ven.

Ung kunstnar endre

Då Astrup valde kunstnarvegen gjorde han det i opposisjon til faren, som helst såg at sonen skulle studere teologi og verte prest som han. I 1899 reiste han til Kristiania for å bli elev ved teikneskolen der. I feriane vitja han Jølster og festa mange motiv derfrå til lerretet.

I 1901 debuterte han som utstillar ved Kristiania Kunstforenings Vårutstilling, med måleri av uthusa på prestegården i Jølster. Same året avslutta han utdanninga si ved skolen til Harriet Backer og drog på ei studiereise gjennom Europa, til Lübeck, Hamburg, Dresden, Berlin og München, før han slo seg ned i Paris som elev av Christian Krohg. Her blei han påverka av kunstnarar som Henri Rousseau, Maurice Denis, Paul Gauguin og japanske Hokusai. Seinare skulle han vitja London, Italia og Algerie på ulike kunstnarstipend.

Tilbake til Jølster endre

Frå 1902 fann Astrup heimen sin i Jølster, der han skulle hente dei fleste av motiva sine frå, og inspirere tallause komande kunstnarar til å finne motiv til måleria sine.

Då Astrup kom heim frå Paris budde han ei stund på prestegarden på Ålhus, men fekk seg i 1909 eit bratt, lite tun på Myklebust på sørsida av Jølstravatnet. Då hadde den vonbrotne far has fleire gongar hindra han i å kjøpe den gamle prestegarden og eit anna tun på Ålhus, der han helst ynskte å bu. Han gifta seg med Engel Sunde, som då var 15 år, i 1907. Dottera Kari blei fødd i 1911. Den vesle familien budde på prestegarden saman med Astrup sine foreldre fram til 1912, då dei flytta til det som i dag er kjent som Astruptunet.

Mottaking endre

Astrup heldt den første separatutstillinga si i mai 1905, i Kristiania. Ho fekk svært gode kritikkar, og «Stabbur i Jølster» blei kjøpt inn av Nasjonalgalleriet. Året etter deltok han på «Norsk Kunstutstilling» på Charlottenborg i København etter å ha blitt spurd av Erik Werenskiold.

Astrup-namnet stammar frå Ribe i Slesvig og vart innført til Noreg gjennom embetsmannsverket i dansketida. Nikolai Astrup vitja Astrup Gård i 1911 på veg heim frå Berlin, og måla bilete derfrå.

Død endre

Astrup misbrukte alkohol store delar av livet. Han hadde hatt astma heile livet, og døydde 47 år gammal av lungebetennelse i Førde.

Ettermæle endre

Astrup underviste fleire målarar på Sandastrand, mellom anna Toralv Flatjord, Elias Eide, Malfinn Berquam og Johan Indrekvam, som seinare er blitt kalla «Astrup-elevane». Kunstnaren var og ein god venn og inspirasjonskjelde for Bernt Tunold.

John Chr. Brynildsen sit på den største samlinga av Astrup-bilete i Noreg, inklusive fleire av hovudverka til kunstnaren.

Astruptunet endre

Astruptunet, den gamle garden til Nikolai Astrup er i dag eit museum som tek utgangspunkt i livet til målaren og mennesket Astrup, og kva som påverka han til å måle dei bileta han har målt. Her har ein gjort det gamle fjøset om til eit godt kamuflert, men eldfast, biletgalleri. Astrup kjøpte småbruket i 1912 og bygde seg eit atelier og rydda den bratte jorda i terassar, der han mellom anna kunne plante eksotiske plantar. I bygda omkring var prestesonen kjend for ein særs populær rabarbravin..

 
Vårkveld ved Jølstervannet

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Loge, Øystein: Nikolai Astrup i Norsk biografisk leksikon i snl.no. Henta 5. februar 2023

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nikolai Astrup