Nikolaj Mjaskovskij

russisk komponist

Nikolaj Jakovlevitsj Mjaskovskij (20. april 18818. august 1950) var ein sovjetrussisk komponist og musikkpedagog. Musikken hans hadde sterk innverknad frå Pjotr Tsjajkovskij og Aleksandr Skrjabin. Han vann Stalin-prisen fem gonger, og er rekna for å ha skrive den første sovjetiske symfonien. Likevel vart han utsett for kritikk av styresmaktene i Sovjetunionen.[1]

Nikolaj Mjaskovskij

Fødd8. april 1881
FødestadModlin Fortress
Død8. august 1950 (69 år)
DødsstadMoskva
AliasМизантроп, Н. М.
OpphavDet russiske imperiet, Sovjet-Russland, Sovjetunionen
Sjangersymfoni, klassisk musikk
Verka somkomponist, pedagog, musikkforskar, musikkpedagog, universitetslærar
PrisarStalinprisen, Leninordenen, Folkets kunstner i Sovjetunionen, Medaljen for tappert arbeid under Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Fortjenstfull kunstner i Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikk, Medaljen til minne om Moskvas 800-årsjubileum

Biografi endre

Oppvekst og utdanning endre

Nikolaj Mjaskovskij vart fødd i Modlin-festningen i det som no er byen Nowy Dwór Mazowiecki i Polen i det dåverande keisardømet Russland.[2] Far hans var ingeniør og offiser i den russiske hæren, og familien flytta mykje.[2] Mora døydde tidleg, og familien vart deretter oppdregen av ei moster som hadde vore songar ved operaen i St. Petersburg. Familien Mjaskovskij flytte til byen medan Nikolaj var i tenåra. Han lærte å spela både piano og fiolin i oppveksten, men vart skuffa over resultatet og bestemte seg for å gå inn i militæret.

I 1896 fekk Nikolaj Mjaskovskij høyra ei framføring av Symfoni nr. 6 av Tsjajkovskij og bestemte seg så likevel for å bli komponist sjølv. Han fullførte den militære ingeniørutdanninga si i 1902 og begynte så å ta privattimar hjå Reinhold Glière, seinare Ivan Krizhanovskij som førebuing til å koma inn på konservatoriet i St. Petersburg. I 1906 vart han konservatoriestudent og hadde m.a. Nikolaj Rimskij-Korsakov og Anatolij Ljadov til lærarar.[3] Ved konservatoriet stifta han venskap med den mykje yngre Sergej Prokofjev. Dei to unge komponistane hadde ein viss motvilje mot læraren Ljadov fordi han mislikte musikken til Edvard Grieg. Dei samarbeidde også i lag, men størstedelen av desse samarbeidsprosjekta er gått tapt. Mjasjkovskij vart uteksaminert i 1911 og vart etterpå musikklærar og -kritikar i St. Petersburg.

Krigsåra endre

Mjaskovskij vart innkalla til teneste under fyrste verdskrigen. Han vart send til fronten mot Austerrike der han vart såra i kamp. Etterpå vart han send til Tallinn der han jobba med festningsverk ved kysten. Vinteren 1918/1919 vart far hans drepen av soldatar i den raude arméen, av di han var ein tidlegare høgståande general for tsaren. Drapet skjedde medan faren venta på eit tog. Neste vinter døydde også mostra, og svogeren til Nikolaj Mjaskovskij hadde utført sjølvmord før krigen grunna økonomiske vanskar. Sjølv tente Mjaskovskij i den raude arméen frå 1917-1921, men same året vart han tilsett som lærar ved konservatoriet i Moskva og medlem i komponistunionen. Han vart buande i Moskva der han delte bustad med systera og den farlause dottera hennar.

Komponist i Sovjetunionen endre

Mjaskovskij var ein av dei leiande komponistane i Sovjetunionen i 1920- og 1930-åra. Han skreiv både symfoniar, strykarkvartettar, konsertar og annan orkestermusikk, oftast i tradisjonelle former. Symfoniane hans vart spelt ofte i både Vest-Europa og i Sambandsstatane. Han prøvde å skjula sine eigne antisympatiske kjensler overfor Stalin-regimet, og gjekk minst mogleg ut i direkte konfrontasjon med Sovjetstaten. M.a. skreiv han ein ouverture spesielt til sekstiårsdagen til Stalin.

I 1941 vart Mjaskovskij evakuert til Kabardino-Balkaria nord i Kaukasus, men heldt fram som komponist herifrå. Seks år seinare vart Mjaskoskij eit offer for den såkalla Zjdanov-doktrinen som la ei hard hand på sovjetisk kulturliv. Saman med komponistane Aram Khatsjaturjan, Sergej Prokofjev og Dmitrij Sjostakovitsj vart Mjasjkovskij stempla som ein komponist som skreiv musikk med «formalistiske» og «anti-proletarianske» tendensar. Tikhon Khrennikov vitja han og oppfordra han til å halda ein tale i Komponistunionen for å be om offentleg orsaking, men Mjaskovskij nekta. Først etter at han døydde av kreft tre år seinare, vart æra hans gjenoppretta frå det offentlege. Mjaskovskij skreiv i alt 27 symfoniar i tillegg til ei lang rekkje andre komposisjonar.[3]

Verk i utval endre

  • Symfoni nr. 1 (1908) - for orkester
  • Symfoni nr. 2 (1910-1911) - for orkester
  • Symfoni nr. 3 (1914) - for orkester
  • Symfoni nr. 4 (1917-1918) - for orkester
  • Symfoni nr. 5 (1918) - for orkester
  • Symfoni nr. 6 (1921-1923) - for kor og orkester
  • Symfoni nr. 7 (1922) - for orkester
  • Symfoni nr. 8 (1924-1925) - for orkester
  • Symfoni nr. 9 (1926-1927) - for orkester
  • Symfoni nr. 10 (1926-1927) - for orkester
  • Symfoni nr. 11 (1931-1932) - for orkester
  • Symfoni nr. 12 (1931-1932) - for orkester
  • Symfoni nr. 13 (1933) - for orkester
  • Symfoni nr. 14 (1933) - for orkester
  • Symfoni nr. 15 (1935) - for orkester
  • Symfoni nr. 16 (1935-1936) - for orkester
  • Symfoni nr. 17 (1936-1937) - for orkester
  • Symfoni nr. 18 (1937) - for orkester
  • Symfoni nr. 19 (1939) - for blåsarorkester
  • Symfoni nr. 20 (1940) - for orkester
  • Symfoni nr. 21 (1940) - for orkester
  • Symfoni nr. 22 "Symfonisk ballade" (1941) - for orkester
  • Symfoni nr. 23 (1941) - for orkester
  • Symfoni nr. 24 (1943) - for orkester
  • Symfoni nr. 25 (1945-1946) - for orkester
  • Symfoni nr. 26 "Over russiske tema" (1948) - for orkester
  • Symfoni nr. 27 (1949) - for orkester
  • 3 sinfoniettaer (1910-1911, 1929, 1945-1946)
  • Fiolinkonsert (1938) - for violin og orkester
  • Cellokonsert (1944) - for cello og orkester

Kjelder endre

  1. Patrick Zuk (November 2022), «Nikolay Myaskovsky: A Composer and his Times», Music and Letters 103 (4): 772–773, doi:10.1093/ml/gcac069, henta 5. juli 2023 
  2. 2,0 2,1 «Myaskovsky, Nikolai», Classical Music (på engelsk), henta 5. juli 2023 
  3. 3,0 3,1 «Nikolaj Mjaskovskij». Store norske leksikon (på norsk). 23. januar 2023.