Nikolaus Gjelsvik

Nikolaus Gjelsvik (fødd 11. april 1866 i Gjelsvik, død 14. november 1938) var ein norsk jurist og målmann frå Askvoll kommune.

Nikolaus Gjelsvik

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. april 1866
Gjelsvik, Askvoll kommune
Død

14. november 1938 (72 år)

Yrke Cand.jur., forfattar
Medlem av Det Norske Samlaget, Noregs Ungdomslag
Debut Den norske privatrets lære om vildfarelsens indflydelse paa retshandlers gyldighed, 1897

Familie endre

Nikolaus Gjelsvik kom frå Gjelsvik i noverande Askvoll kommune. Denne delen var tidlegare Vevring herad i Sogn og Fjordane fylke. Foreldra til Nikolaus Gjelsvik var Øystein Eirik Olavsson (1824-1880) frå Gjelsvik og Malene Andreasdotter (1833-1880) frå Selvik. Nikolaus Gjelsvik var ein uvanleg dyktig jurist og aktiv i målrørsla. I 1900 gifte han seg med Eugenie Karoline Ursula Marie Kallhardt og fekk etterkvart åtte born.

Utdanning og dei første arbeidsåra endre

Allereie som tenåring var Gjelsvik målmedviten. Som foreldrelaus bondeson frå Gjelsvik, trong han økonomisk hjelp for å ta studenteksamen. Denne hjelpa fekk han av Lars Oftedal i Stavanger. I 1887 tok han eksamen på latinlina. Då hadde foreldra hans vore døde i 7 år. I 1893 var han ferdig cand.jur. og byrja å arbeide som dommarfullmektig og konstituert sorenskrivar. I 1897 konkurrerte han om eit professorat, og skreiv to avhandlingar, ei avhandling med eit fastsett emne og ei avhandling med sjølvvalt emne. I 1898 fekk han doktorgraden godkjent med avhandlinga "Den norske Privatrets Lære om Vildfarelsens Indflydelse paa Retshandlers Gyldighed".

Dosent og professor endre

I 1897 blei han utnemnd som dosent i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo (Kristiania). Det var Stortinget som løyvde denne dosentløna så Gjelsvik kunne «fortsætte sine Studier og at udnytte sin Begavelse i Universitetets og Videnskabens Tjeneste». Han studerte vidare i Tyskland med stipend frå heimlandet. I 1906 blei han utnemnd til professor i Oslo (Kristiania). Denne stillinga hadde han til 1936, då han gjekk av som pensjonist to år før han døydde. Som professor publiserte han svært mykje. Han gav ut læreboka Innleiding til rettsstudiet i 1912. Denne gav nybakte studentar ei innføring i juridisk tenking. Allereie i 1903 hadde han klar ei nynorsk omsetjing av grunnlova.[1] Dette var eit oppdrag frå justisdepartementet. Gjelsvik møtte også i høgsterett i ein lengre periode, frå 1901 til 1920 og frå 1928, som ekstraordinær dommar. Han blei utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Leipzig. Gjelsvik hadde ein uvanleg stor arbeidskapasitet.

Nynorsk rettsmål endre

Ein av tinga Nikolaus Gjelsvik er mest kjend for er at han grunnla eit nynorsk rettsspråk. Folkerett og nynorsk rettsspråk blei det han brann for. Han skreiv i 1938 boka "Von og veg, norsk målføring. Norsk eller latinsk stilgrunnlag. Nokre ord til ettertanke for målfolk og bokmålsfolk". Boka kom ut i ny utgåve med heile 246 s. I boka diskuterte Nikolaus Gjelsvik kva for førebilete ein skal ha for språkbruken sin, og spesielt for lovspråket. Han kom med tallause eksempel på god og dårleg omsetjing frå bokmål, dansk, tysk og latin til nynorsk. Denne boka skreiv han medan han var svært sjuk, og avslutta ho berre nokre månader før han døydde.

Folkerett endre

I 1905 var det stor interesse for førelesingar i folkerett. Dette grunna unionstriden med Sverige. Nikolaus Gjelsvik hadde førelese om folkerett frå 1898 og var ekspert på dette emnet. Frå 1901 til 1902 var han medlem i ein komite som arbeidde med Noregs høve til Haag-konvensjonen. Han arbeidde for Nobelinstituttet frå 1904 til 1906. Han hadde skrive mykje om dei juridiske aspekta ved unionen med Sverige. I 1905 var han med som juridisk sakkunnig under Karlstadforhandlingane. Her fekk han inn ein eigen klausul. Denne er seinare blitt brukt i andre traktatar. Sidan skreiv han ei bok om unionsoppløysinga på tysk saman med professor A. Aall. Han skreiv også ei lærebok i folkerett. Her la han vekt på fredsarbeid, men også at alle statar skulle ha eit sterkt forsvar. Det skulle ha kome ut ein del to av boka om folkerett, men på grunn av Den første verdskrigen verka det som Gjelsvik miste noko av trua på folkeretten, og boka kom aldri ut.

Fleire lærebøker endre

I 1918 kom ei lærebok om mellomfolkeleg privatrett. Her presenterte han heilt nye teoriar. I 1919 skreiv Gjelsvik læreboka "Norsk tingsrett". Denne omfattar læra om eigedomsrett, bruksrettar og andre hefte på eigedomar. Denne boka reknast som noko av det beste han skreiv. I 1929 gav Gjelsvik ut "Juridisk ordliste". I det heile skreiv Gjelsvik mykje. Han skreiv mykje i aviser. Bibliografien hans er på heile 24 sider.

Målmannen endre

Noregs ungdomslag blei stifta i 1896. Nikolaus Gjelsvik var med i styret frå 1902. I perioden frå 1906 til 1915 var han leiar. Han utvikla organisasjonen på ein fast og god måte, planla godt og la strategiar for gjennomføring av planane. Han skaffa Noregs ungdomslag ei skrivarstove med Edvard Os som leiar. Gjelsvik ville ha folkeopplysning på norsk grunn. Han reiste på mange talarferder rundt i landet.

Det Norske Samlaget endre

Nikolaus Gjelsvik var leiar av Det norske samlaget frå 1903 til 1919 og var ei verkeleg drivande kraft. Han planla arbeidet for forlaget på ein god måte. Olav Midttun meinte at det var i samlaget Gjelsvik gjorde mest for målsaka. Talet på utgjevingar gjekk opp. Eit stort tal nynorske barnebøker blei m.a. utgitt i gode, nynorske omsetjingar. Desse blei distribuerte til barne- og ungdomsbiblioteka. Samlaget gav også ut Gjelsviks juridiske lærebøker på nynorsk.

Noregs mållag, leiar 1912-1915 endre

Allereie i 1900 hadde Gjelsvik støtta studentmållaget. Nikolaus Gjelsvik var med i styret i Noregs mållag frå laget vart stifta den 4. februar 1906. Han møtte truleg på skipingsmøtet både som representant for Det norsk samlaget og for Firda Mållag. I tre år, frå 1912 til 1915 var han leiar av organisasjonen. I denne perioden var han også leiar av Noregs ungdomslag og Det norske samlaget. Dette seier noko om den store arbeidskapasiteten hans. Han var flink til å nytte tida. I langdryge møte eller mens han venta på trikken las han rett som det var korrektur.

Landsgymnas endre

Ideen til landsgymnas var det Gjelsvik som hadde. Her skulle bondeungdomen få opplæringa si på landsmål. Slike gymnas blei oppretta fleire stader. Han hadde også ein ide om at Universitetet i Bergen skulle bli eit nynorsk universitet. Dette gjekk ikkje i gjennom.

Utanrikspolitisk innsikt endre

Nikolaus Gjelsvik var ein mann med stor innsikt i utanrikspolitikken. Før den første verdskrigen såg han teikn på at ufred var i vente. Dette såg han også på slutten av 1930-talet. Han var tilhengar av sterke nasjonale forsvar som eit hinder for krig.

Fråhaldsmannen endre

Heile livet var Nikolaus Gjelsvik fråhaldsmann. Det var IOGT som var hans organisasjon.

Bibliografi endre

Bøker endre

  • 1897 – Den norske privatrets lære om vildfarelsens indflydelse paa retshandlers gyldighed (Kristiania: Fabritius) I fulltekst ved nb.no
  • 1897 – Om skadeserstatning for retmæssige handlingerefter norsk ret (Kristiania: Forlag ikkje oppgitt)
  • 1901 – Kongeriket Norigs grunnlov (Christiania) I fulltekst ved nb.no
  • 1903 – Fyrerit fyr umbodsbøker paa landet (Oslo: Rygjalaget : Maalkassa) I fulltekst ved nb.no
  • 1904 – Uttyding til § 73, fyrste leden, i lov um folkeskulen paa landet (§ 64 i lov um folkeskulen i kjøpstaderne) (Oslo)
  • 1905 – Skal det norske folk indføre republiken eller skal det indføre en prins? (Kristiania) I fulltekst ved nb.no
  • 1905 – Udkast til Grundlov for en norsk fristat (Kristiania: Arbeidernes aktietrykkeri)
  • 1905 – For Norge : fem Artikler fra Aftenposten (Kristiania: Forlag ikkje oppgitt)  [Forfattarar: Nikolaus Gjelsvik, Jakob Schøning, Waldemar Christofer Brøgger, Wilhelm Morgenstierne, Jens Jonas Elstrand Jansen]
  • 1906 – Fred og forsvar (Oslo: Norigs ungdomslag og Student-maallaget) I fulltekst ved nb.no  [Serien Norske folkeskrifter nr. 34]
  • 1906 – Den nye arbeidsdagen og den norske maalreising (Oslo)
  • 1907 – Det fredlyste beltet millom Norig og Sverik (Oslo: Norigs ungdomslag og Studentmaallaget) I fulltekst ved nb.no  [Serien Norske folkeskrifter nr. 38]
  • 1907 – Nationalt sjølvstende og millomfolkelegt samarbeid (Oslo: Norigs ungdomslag) I fulltekst ved nb.no  [Serien Norske folkeskrifter nr. 42]
  • 1908 – Um folkeavrøysting (Oslo: Norigs ungdomslag) I fulltekst ved nb.no  ["Serprent av "Syn og Segn""]
  • 1909 – Parlamentarisme og folkestyre (Oslo: Norigs Ungdomslag) I fulltekst ved nb.no  [Serien Fyredrag aat ungdomslag nr. 7]
  • 1909 – 1814 og 1905 fraa ein folkerettsleg synsstad (Oslo: Norigs ungdomslag og Student-maallaget) I fulltekst ved nb.no  [Serien Norske folkeskrifter nr. 49]
  • 1912 – Die Norwegisch-Schwedische Union ihr Bestehen und ihre Lösung : ein beitrag zur allgemeinen Staatslehre auf geschichtlicher Grundlage (Breslau: M. & H. Marcus)  [Nikolaus Gjelsvik (medforfattar), Anathon Aall ; Serien Abhandlungen aus dem Staats- und Verwaltungsrecht]
  • 1912 – Innleiding i rettsstudiet (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1918 – Lærebok i millomfolkeleg privatrett (Kristiania: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [2. utg. 1936]
  • 1923 – Lov um kommunestyre paa landet fraa 30 september 1921 (Oslo: Noregs Maallag) I fulltekst ved nb.no
  • 1923 – Norsk personrett : forelesninger av professor Gjelsvik : utgit av overretssakfører Chr. Stray til bruk for de juridiske studenter (Kristiania: Johansen & Nielsens boktrykkeri) I fulltekst ved nb.no  [2. utg. ved Augdahl, 1934]
  • 1926 – Norsk tingsret : forelæsninger (Oslo: Nikolai Olsens boktrykkeri) I fulltekst ved nb.no  ["Trykt som manuskript efter en tilhørers referat til bruk for de juridiske studenter", 1.utg 1919, 3. utg. ved Erik Solem, 1936]
  • 1927 – Utanrikspolitiske tankar : skilsdom og fredspolitik (Oslo: Johansen & Nielsen) I fulltekst ved nb.no  [Andre opplag]
  • 1929 – Juridisk ordliste : med ei utgreiding um den juridiske stilen (Oslo: Nikolai Olsen) I fulltekst ved nb.no
  • 1929 – Lover i utval på nynorsk (Oslo: Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo)
  • 1929 – Lov um fatigstellet : fraa 19de mai 1900 med seinare brigde (Oslo: Norges boklag)
  • 1930 – Dansk kolonisamfundsaand og "Trondhjems"-agitationen (Bergen: Vestlandske maallag) I fulltekst ved nb.no
  • 1931 – Revolusjonspolitikk og norsk lov (Utgjevarstad ukjent: Forlag ikkje oppgitt) I fulltekst ved nb.no  [Medforfattar: Herman Harris Aall]
  • 1931 – Gedanken über auswärtige Politik : Schiedsgericht und Friedenspolitik (Köningsberg: Gräfe und Unzer)  [Serien Öffentlich-rechtliche Vorträge und Schriften]
  • 1932 – Revolusjonspolitikk og norsk lov : utredninger (Oslo: N. Olsen) I fulltekst ved nb.no  [Forord av Knut Hamsun]
  • 1934 – Norsk personrett : forelesninger (Oslo: Ikkje oppgitt) I fulltekst ved nb.no  [Medforfattar: Per Augdahl]
  • 1935 – Das internationale Privatrecht in Norwegen : allgemeiner Teil (Leipzig: Buske)  [Serien Würzburger staatswissenschaftliche Abhandlungen. Reihe B, Staatsrecht, Verwaltungsrecht und Ausserstaatliches Recht]
  • 1936 – Lærebok i millomfolkeleg privatrett (Oslo: Nikolai Olsen) I fulltekst ved nb.no
  • 1936 – Lover i utval på nynorsk. 1 : Rettargang (Oslo: Fakultetet) I fulltekst ved nb.no
  • 1938 – Von og veg : norsk målføring : norsk eller latinsk stilgrunnlag : nokre ord til ettertanke for målfolk og bokmålsfolk (Oslo: Norli forlag) I fulltekst ved nb.no

I tidsskrift - eit utval endre

Kjelder endre

  1. Sjå også Grepstad, 2007

Bakgrunnsstoff endre