Nils Olav er ein kongepingvin i Edinburgh Zoo i Skottland. Han er æresbrigader[1] og maskoten til Hans Majestet Kongens Garde.[2][3][4] Nemnet «Nils Olav» og dei tilknytte titlane er blitt gjevne til tre ulike pingvinar sidan 1972, slik at den noverande pingvinen er Nils Olav III.[5][6]

Nils Olav

Fødd1972
FødestadDyrehagen i Edinburgh
Rangbrigader, visekorporal, korporal, generalmajor, sersjant, regimental sergeant major, Colonel-in-Chief
EiningHæren
Nils Olav inspiserer garden etter sjølv å ha blitt slått til riddar i 2008.
Bronsestatue av Nils Olav.

Historie endre

Familien til den norske reiaren Christian Salvesen gav ein kongepingvin til Edinburgh Zoo då dette opna i 1913.[2]

Hans Majestet Kongens 3. Gardekompani besøkte Edinburgh Military Tattoo i 1961 for eit drillstevne, vart ein løytnant med namn Nils Egelien veldig interessert i pingvinkolonien til Edinburgh Zoo. Då Garden vende attende til Edinburgh i 1972, arrangerte Nils Egelien det slik at troppen kunne adoptere ein pingvin. Pingvinen som dei adopterte vart gitt namnet Nils Olav i ære for Nils Egelien og kong Olav V av Noreg.[2]

Rolle i militæret endre

Nils Olav vart tildelt militærgraden visekorporal og har etter dette vorte forfremma kvar gong Garden har delteke på Edinburgh Military Tattoo. I 1982 vart han forfremma til korporal og så forfremma til sersjant i 1987. Nils Olav døydde kort etter denne forfremminga. Arvtakaren vart Nils Olav II, hans to år gamle etterfylgjar. Han vart nok ein gong forfremma i 1993 til stabssersjant. 18. august 2005 vart han forfremma til Honourable Regimental Sergeant Major, den høgaste underoffisersgraden i Skottland. Han vart også den fyrste pingvinen til å få denne tittelen i den norske hæren. På den same tida vart ein bronsestatue på 1,2 meter gitt til Edinburgh Zoo. Inskripsjonen i statuen anerkjenner Garden og Edinburgh Military Tattoo. Det står også ein statue ved Huseby leir i Oslo. Fredag 15. august 2008, i samband med 3. Gardekompani sitt bidrag under Edinburgh Military Tattoo, vart Nils Olav slått til ridder av den britiske generalmajoren Euan Loudon. Pingvinen kan difor omtales med tittelen sir.

Kjelder endre

  1. «Sir Nils Olav the penguin receives military promotion at Edinburgh zoo», the Guardian (på engelsk), 22. august 2016, henta 13. januar 2023 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Sir Nils Olav». Edinburgh Zoo. Arkivert frå originalen 17. august 2017. Henta 21. februar 2018. 
  3. Panganiban, Roma (4 April 2013). «Sir Nils Olav, Norway's Penguin Knight». mentalfloss.com. Arkivert frå originalen 8 April 2013. Henta 4 June 2013. 
  4. «Military penguin becomes a 'sir'». BBC. 15 August 2008. Arkivert frå originalen 6 November 2017. Henta 4 June 2013. 
  5. «King penguin made a Brigadier in Edinburgh». BBC News. 22. august 2016. Arkivert frå originalen 23. august 2016. Henta 22. august 2016. 
  6. «Norwegian Knight». Scandinavian Press 15 (4). Fall 2008. s. 9. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nils Olav