Nintendo Corporation, Limited er eit japansk fleirnasjonalt selskap som produserer dataspel og forbrukarelektronikk. Selskapet har hovudkvarter i Kyoto, Japan og vart etablert i 1889 på grunnlag av japanske spelekort. Selskapet tok i 1951 namnet Nintendo Playing Card Company, og frå 1963 det noverande namnet.

Nintendo


Headquarters in Kyoto Sjå dette på Wikidata
Org.formKabushiki kaisha
BransjeKortspel, videospel
Skipa23. september 1889
EigarCapital Group Companies
DotterselskapNintendo of America, Nintendo France, Nintendo of Korea, Monolith Soft, Nintendo Entertainment Planning & Development
Eigenandel iThe Pokémon Company,[1] Monolith Soft, Nintendo Phuten, DeNA, Nintendo Entertainment Planning & Development, Nintendo Entertainment Analysis and Development, IQue, Ltd.
HovudkontorJapan: Kyoto
USA: Redmond, Washington
Canada: Richmond, Britisk Columbia
Europa: Großostheim, Tyskland
Australia: Scoresby, Victoria
Kina: Suzhou (som iQue, Ltd.)
Korea: Seoul
LandJapan[2]
Produktprogramvare, dataspel
Adm.dir.Tatsumi Kimishima (16. september 2015), Satoru Iwata (24. mai 2002), Hiroshi Yamauchi (september 1949)
Tilsette5 095 (2013)
Nettstadhttps://www.nintendo.com/countryselector/ (engelsk)

Selskapet byrja å lage dataspel i 1970-åra og vart raskt ein av dei leiande produsentane i verda av slike. Nintendo etablerte seg i 1980 i USA. I 1980-åra kom spelkonsollen Nintendo Entertainment System (NES) som i seinare år har vore etterfølgd av nyare og kraftigare konsollar. I 1989 vart den handhaldne spelkonsollen Game Boy lansert, og denne konsollserien har vore ein av dei største suksessane til selskapet. Den handhaldne Nintendo DS med to skjermar kom i 2004, og i 2006 kom spelkonsollen Wii, som fokuserer på rørslekontroll i spel. Desse har vore etterfølgde av dei aktuelle konsollane Nintendo 3DS og Wii U.

Innan programvare har Nintendo gjeve ut kjende spel som Donkey Kong, Super Mario, The Legend of Zelda og Pokémon.

Historie endre

 
Eit sett med hanafuda-kort som blei skapt av Fusajiro Yamauchi

Firmaet blei grunnlagt i Kyoto, Japan i 1889 av Fusajiro Yamauchi. Nintendo skulle då produsere handlaga hanafuda-kort, som skulle bli brukte i det japanske kortspelet med same namn.

Nintendo byrja på 1970-talet å lage moderne leiketøy, som mange andre japanske føretak på den tida. Det første var ein slags elektronisk bowling. I Europa blei firmaet kjend da dei populære Game & Watch-spela blei lanserte i 1980-åra. Dei laga også den første lysbaserte digitale pistolen saman med Mitsubishi Technology, kjend frå Duck Hunt som var eit av dei første spela til den første konsollen: NES (Nintendo Entertainment System). Pistolen blei først brukt i konsollar, og baserer seg på at eit mønster lyser opp skjermen i det ein skyt, så fort at ein nesten ikkje rekkjer å sjå det, og eit kamera inni pistolen les av mønsteret, og finn ut om ein har sikta på riktig stad. Nintendo satsa no heilt på videospelmarkedet. Dei blei nokså fort ein av dei mektigaste selskapa i spelbransjen, med eit firma som hadde divisjonar i USA, Tyskland og Japan.

I 1982 skapte Shigeru Miyamoto spelet Donkey Kong. Helten i spelet, som i førsten blei kalla for Jumpman, var ein liten og tjukk røyrleggjar som prøvde å redde ei fortapt kvinne, Pauline, frå ein vill gorilla. Jumpman blei omdøpyt då Nintendo of America flytta hovudkontoret sitt. Sidan Jumpman hadde mange fellestrekk med huseigaren av kontoret, Mario Segali, blei han omdøpyt til «Mario». Då Nintendo lanserte Donkey Kong-spela, blei dei saksøkt av firmaet bak den kjende filmen King Kong. Rettssaka enda til fordel for Nintendo. Donkey Kong namnet oppstod på grunn av eit mistak under ein telefonsamtale, då dei japanske speldesignarane prata med ein amerikanar om kva spelet skulle heite. Japanarane oppfatta at han sa Donkey Kong, då han eigentleg sa Monkey Kong. Sidan dette ikkje blei retta opp før det første spelet vart lansert, har ingen gjort noko for å endre på det seinare. Namnet er no assosiert med ein apekatt som kastar tønner. «Donkey» tyder «esel» på engelsk. Spelet blei Nintendo sin første store suksess.

Stasjonære konsollar endre

Nintendo Entertainment System endre

 
Hovudartikkel: Nintendo Entertainment System.

Nintendo Entertainment System, ofte omtalt som NES eller berre Nintendo, er Nintendo sin fyrste stasjonære spelkonsoll. Han blei lansert i Japan i 1983 under namnet Famicom. Seinare blei maskina lansert i både Europa og USA under namnet Nintendo Entertainment System. Det var særs lite konkurranse for Nintendo på denne tida, men etterkvart byrja Sega å komme inn på spelmarknaden med den fyrste spelmaskina si; Sega Master System. NES har selt over 65 millionar eksemplar.

Super Nintendo Entertainment System endre

 
Hovudartikkel: Super Nintendo Entertainment System.

Super Nintendo Entertainment System er Nintendo sin andre stasjonære spelkonsoll, og arvtakaren til Nintendo Entertainment System. Kontrollen som følgde med maskina introduserte fleire nye knappar i forhold til NES, mellom anna skulderknappane L og R. SNES konnkurerte med Sega Mega Drive (kjend som Genesis i USA). I likskap med NES kom spela på kassettar ein måtte putte inn i maskina for å kunne spele dei. Mange kjende Nintendo-spel frå NES-tida fekk oppfølgjarar på SNES, mellom anna Super Mario World og The Legend of Zelda: A Link to the Past. SNES har selt over 49 millionar eksemplar.

Nintendo 64 endre

 
Hovudartikkel: Nintendo 64.

Nintendo 64 er Nintendo sin tredje stasjonære spelkonsoll, og kunne yte med grafikk i full 3D. Konsollen gjekk under kodenamn Ultra 64 fram til 1996 då det endelege namnet blei avduka. Utrykket 64 kjem frå 64-bits prosessoren i spelkonsollen. Nintendo valde å halde fram med å nytte kassettar som lagringsmedium for spel i staden for CD-ROM trass underlegen lagringskapasitet. Grunnen til dette valet var me.a. fordi Nintendo meinte at lastetider var for dryge på CD-ROM. Nintendo 64 var den fyrste stasjonære spelkonsollen som introduserte analog styrestikke og ristefunksjon (ekstrautstyr). Nintendo 64 har selt over 32 millionar eksemplar.

Nintendo GameCube endre

 
Hovudartikkel: Nintendo GameCube.

Nintendo GameCube er Nintendo sin fjerde stasjonære spelkonsoll. Han blei lansert året 2001 i Japan og USA, og året 2002 i Europa. Konsollen skulle konkurrere med Sony PlayStation 2, Sega DreamCast og Microsoft Xbox. Han var den fyrste Nintendo-konsollen som las av optiske discar, og var på den tida den billegaste og mest kompakte moderne spelkonsollen. Nintendo GameCube har selt over 21 millionar eksemplar. Korkje sjølve konsollen eller spela er no tilgjengelege for sal, men GameCube-konsoll, utstyr og spel er framleis populær handelsvare på fleire nettstader.

Wii endre

 
Hovudartikkel: Wii.

Wii (tidlegare kjend som Nintendo Revolution) er Nintendo sin femte stasjonære spelkonsoll. Han blei lansert i 2006 i alle verdsdelar, noko som førte til ein del leveringsproblem. Maskinen tilbyr ein heilt ny måte å spele på. Kontrollen, som ser ut som ein fjernkontroll, har mindre knappar enn tidlegare og registrerer rørsler frå spelaren. Det er også mogleg å kople ein del eksterne kontrollar til for å auke utvalet av måtar å spele på. Wii er den fyrste stasjonære spelkonsollen frå Nintendo som er bakoverkompatibel med spel frå førre generasjon. Wii har selt over 50 millionar eksemplar til no.

Handhaldne konsollar endre

 
Nintendos Game Boy-serie, frå eldst til yngst.

Andre konsollar endre

Kjelder endre

«Nintendo» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  1. https://disclosure2.edinet-fsa.go.jp/WZEK0040.aspx?S100O9PP,,.
  2. Global Research Identifier Database (på engelsk), GRID-identifikator grid.471191.b, Wikidata Q27768150, henta 13. mai 2020