Nise
Nise
Nise
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av nise
Utbreiinga av nise
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Parvorden: Tannkvalar Odontoceti
Overfamilie: Delphinoidea
Familie: Nisefamilien Phocoenidae
Slekt: Phocoena
Art: Nise P. phocoena
Vitskapleg namn
Phocoena phocoena

Nise (Phocoena phocoena) er ein liten tannkval som lever nord i Atlanterhavet, Beringhavet, Stillehavet og Svartehavet. Dei sym sakte i små flokkar og lever som regel av ymse små stimfisk. Ved norskekysten er arten særs vanleg frå Oslofjorden til Varanger, i tillegg til vestkysten av Svalbard.

Kjenneteikn endre

Niser liknar delfinar, men manglar den typiske snuta. Dei er òg stort sett ganske mykje mindre, og vert sjeldan over 190 cm. Dei ca 100 tennene er flata av som på ein spade, og ikkje runde som hjå delfinane. Ryggfinnen er låg. Fargeteikningane på dyret varierer mellom svart, grått og kvitt; buken er lysare enn oversida.

Levesett endre

Nisa sym i små flokkar på 2-6 dyr og jaktar etter stimfisk. Særleg et dei småsild, tobis, brisling og lodde, men det hender òg dei går på laks. Når dei jaktar på desse fiskane hender det at dei går opp i elver.

Det har vorte vist at niser jaktar på byttet sitt med lyd, slik mange andre tannkvalar òg gjer det. Synet spelar òg ei rolle.

Niser vert kjønnsmogne i 5-6-årsalderen, og paringstida er om sommaren. Hoa sym drektig i nesten eit år, og let det som regel gå 1-3 år mellom kvar fødsel. Kalven syg mora i 6-8 månader.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre