Nitra (tysk Neutra, ungarsk Nyitra, tidlegare Nyitria) er ein by vest i Slovakia ved foten av fjellet Zobor i Nitradalen. Han har om lag 85 000 innbyggjarar og er den femte største byen i Slovakia. Nitra er òg ein av dei eldste i landet og det første politiske og kulturelle senteret i Slovakia. I dag er han sete for Nitra kraj og Nitra okres.

Nitra
Luftfoto
Luftfoto
Luftfoto
Byvåpenet til Nitra
Byvåpenet til Nitra


Plassering
Nitra is located in Slovakia
Styresmakter
Land  Slovakia
Kraj Nitra kraj
Først nemnd i 828
Geografi
Flatevidd
 - By

100,48 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

84 800
  843,9 /km²
Koordinatar 48°18′25″N 18°05′11″E / 48.30694°N 18.08639°E / 48.30694; 18.08639
Høgd over havet 138-587 moh
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 949 01
Retningsnummer (tlf) +421-37
Bilnummer NR
Nettstad: www.nitra.sk

Historie endre

Området var busett for 6000 år sidan,[1] Nitra vart grunnlagd som ein keltisk busetnad på 300-talet f.Kr. Seinare vart han nemnd i samband med den germanske stamma quadar, som ein mogeleg hovudstad.

Dei første slavarane kom her på 400-talet. Nitra vart hovudstad i fyrstedømet Nitra, den eldste kjende sjølvstendige staten i dagens Slovakia. Den første kjende kristne kyrkja vart bygd av vestlege eller austlege slavarar i 828 medan fyrst Pribina regjerte, og same året vart han første gongen nemnd i skriftlege kjelder som Nitrawa.[2] I 833 vart Pribina kasta frå Nitra av den mähriske fyrst Mojmír I og begge fyrstedøma vart slått saman til det tidlege mellomalderriket Stor-Mähren. Fyrstedømet Nitra gjekk vanlegvis gjeven til arvingen i Stor-Mähren som apanasje, men denne praksisen truga til slutt freden i riket. Med rike ressursar i Nitra gjorde både prins Svätopluk I og prins Svätopluk II opprør mot styresmaktene. Sjølvstyret dei oppnådde var stort, noko som står omtalt i korrespondansar med paven, der Svätopluk I av Nitra vert omtalt på same vis som to andre herskarar i sjølvstendige land (Rastislav av Stor-Mähren og Koceľ av fyrstedømet Balaton).

Byen nådde eit høgdepunkt under regjeringstida til Svätopluk I, som var fyrste i Nitra frå 850-åra til 871 og kongen av Stor-Mähren fram til 894. Den første kjende kristne bispedømet i Slovakia vart oppretta i Nitra i 880 (med Wiching som biskop) og det første klosteret i Slovakia vart bygd i Zobor i 880-881. Under regjeringstida til Svätopluk bestod Nitra av fem store forskansa busetnader og tjue handverkslandsbyar, som gjorde byen til ein metropol i dei dagar. Fleire kyrkjer, til dømes i Nitra-borga, Párovce, Nitrianska Blatnica, Lupka, Zobor og Kostoľany pod Tribečom eksisterte i og rundt Nitra på 800- og 900-talet. Utanfor bygrensene ligg i dag dei stormähriske busetnadane Chrenová, Lupka, Branč, Vráble og Zlaté Moravce.

Etter at Stor-Mähren braut saman i 906-907, vart Nitra erobra av den ungarske høvdingen Lehel rundt 925. Apanasjesystemet frå Stor-Mähren heldt fram i Árpád-dynastiet i det nye Kongedømet Ungarn. Som med det meste av dagens Slovakia, vart Nitra erobra av den polske kong Boleslaus I i 1001 og var ein del av Polen til 1030. Som sete for arvingen i dynastiet, hadde Nitra ein sjølvstendig status fram til 1108. Sjølv etter fyrstedømet vart avskaffa, var Nitra hovudstad i grevskapet Nitra og var sete for ein biskop (sidan 1110). Byen overlevde mongolinvasjonen i 1241. I 1248 gav Béla IV Nitra privilegium som fri kongeleg by, men desse varte berre i 40 år og han kom under ein godseigar. I tida framover vart Nitra kontrollert av Matthew Csák tidleg på 1300-talet og vart eit mål for husittar på 1400-talet.[3] Etter det ungarske nederlaget i slaget ved Mohács i 1526 og Det osmanske riket rykte inn i dei ungarske områda, var Nitra truga av åtak frå osmanarane. Dei prøvde å ta byen tre gonger, men mislukkast, før dei klatre å erobra byen ein fjerde gong i 1663. Han vart då senter i Litra sanjak, som var underlagt Uyvar eyalet. Byen vart gjenerobra i 1685.[4] Byen vart òg råka av anti-habsburgske opprør, som opprøra til Stephen Bocskay og Gabriel Bethlen på 1600-talet til Kuruc-opprøra frå 1703 til 1711. Som eit resultat av kampane stod byen i brann i 1708.[5] Han vart bygd opp att på 1700-talet i barokkstil. Som følgje av revolusjonane i 1848 og tilknytte hendingar, fekk Nitra eit eige bystyre for første gong sidan 1288, og var ikkje lenger avhengig av bispedømet Nitra og biskopane her.[6] På denne tida starta òg industrialiseringa av Nitra. Fram til den første verdskrigen vart det bygd destilleri, fabrikk for produksjon av jordbruksutstyr, bryggeri, meieri og andre føretak i byen. I 1850 vart det bygd veg til jernbanestasjonen i Trnovec nad Váhom, som då var den næraste jernbanelinja.[7] Nitra fekk eigen jernbanestasjon i 1876 med samband til Šurany. Seinare vart det bygd ut linjer til Topoľčany, Hlohovec og Nové Zámky. Som ein del av madjariseringa var Nitra frå 1883 til 1919 sete i Øvre ungarske lærarforbund (FEMKE), eit statsfinansiert forbund som hadde som mål å utøve ungarsk politikk på slovakane.

Etter den første verdskrigen og oppløysinga av Austerrike-Ungarn, okkuperte den tsjekkoslovakiske legionen byen den 10. desember 1918, og han vart ein del av Tsjekkoslovakia. Nitra heldt fram som sete i Nitra kraj fram til landet vart oppløyst i 1928. Etter Tsjekkoslovakia braut saman vart Nitra ein del av Den første slovakiske republikken og han vart igjen sete i Nitra kraj fram til 1945, då det vart erobra av den raude armeen og Tsjekkoslovakia vart gjenoppretta. Kommunisttida frå 1948 til 1989 var markert med kraftig folkevekst og stor utbygging av bustader. Etter fløyelsrevolusjonen i 1989 og oppløysinga av Tsjekkoslovakia, vart Nitra ein del av det nye Slovakia og i 1996 sete i Nitra kraj.

Kjelder endre

  1. Historia til Nitra
  2. Lacika, «Nitra and its environs»", s. 21
  3. Lacika, «Nitra og omgjevnader», s. 31–32
  4. Lacika, «Nitra and its environs», s. 33–35
  5. Lacika, «Nitra and its environs», s. 34–36
  6. Lacika, «Nitra and its environs», s. 37
  7. Lacika, «Nitra and its environs», s. 39–40

Bakgrunnsstoff endre