Nizjnevartovsk (russisk Нижнева́ртовск) er den nest største byen i Khanty-Mansia i Russland. Han ligg på høgre sida (nordsida) av elva Ob, rundt 400 km aust for Khanty-Mansijsk. I 2007 hadde han om lag 240 000 innbyggjarar.

Nizjnevartovsk
Нижневартовск
Flagget til Nizjnevartovsk Byåpenet til Nizjnevartovsk
Flagget til Nizjnevartovsk Byvåpenet til Nizjnevartovsk


Plassering
Nizjnevartovsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Khanty-Mansia
Grunnlagd
Bystatus
1909
1972
Borgarmeister Boris Khokhrjakov
Geografi
Flatevidd
 - By

267 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

242 000
  906,4 /km²
Koordinatar 60°57′0″N 76°33′0″E / 60.95000°N 76.55000°E / 60.95000; 76.55000
Høgd over havet 45 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 628600–628624
Retningsnummer (tlf) (+7)3466
Nettstad: www.n-vartovsk.ru

Byen vart grunnlagt i 1909, men utviklinga til storby skaut først fart på 1960-talet, etter oppdaginga av oljefeltet Samotlor, som er det største i Russland. Han fekk bystatus i 1972.

Nizjnevartovsk er eit senter for den vestsibirske oljeregionen og er ein av dei rikaste byane i Russland.

Nizjnevartovsk lufthamn, 4 km vest for byen, er av dei travlaste i heile Sibir.

Om vinteren kan temperaturen falle til −50 °C og innbyggjarane byggjer fleire isparkar med skulpturar i snø og is, pg leikeområde for barna. Om sommaren stig temperaturen til +35 °C.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nizjnevartovsk