Nizjyn (ukrainsk Ніжин) er ein by i Tsjernihiv oblast (provins) nord i Ukraina, langs Osterelva, 150 km nordaust for Kiev. Han er det det administrative senteret i Nizjyn rajon, men byen er sjølv eit eige distrikt i oblastet. Byen har kring 75 000 innbyggjarar.

Nizjyn
Ніжин
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
oblast Tsjernihiv oblast
rajon Nizjyn rajon
Koordinatar 51°02′17″N 31°53′10″E / 51.03806°N 31.88611°E / 51.03806; 31.88611
Areal 43,2 km²
Folketal 75 600  (2005)
Folketettleik 1 750 / km²
Magdeburgrettar 1625
Kart
Nizjyn
51°02′50″N 31°52′50″E / 51.047361111111°N 31.8805°E / 51.047361111111; 31.8805
Wikimedia Commons: Nizhyn
Nettstad: http://www.nizjynrada.org

Historie endre

Byen vart først nemnd i 1147, då han vart nemnd som Unenezj. Under Det polsk-litauiske samveldet fekk Nizjyn Magdeburgrettar (1625) som ein sjølvstyrt by. Nizjyn var ein gong eit stort senter for hasidisk jødedom og grava til rabbi Dovber Sjtsjneuri av Tsjabad-Lubavittsj ligg her. Det var òg eit stort kosakkregiment (fram til 1782) her og eit gresk samfunn.

Jødane slo seg først ned i Nizjyn på byrjinga av 1800-talet etter delinga av Polen. I 1897 var 24 % av innbyggjarane jødar. Ei rekkje pogromar råka hardt jødane mellom 1881 og 1905. Då dei trekte seg attende tyskarane våren 1918 utførte den raude armeen i tillegg fleire pogromar. Under andre verdskrigen vart regionen okkupert av Nazi-Tyskland, som utrydda alle jødane i området. Berre dei få som klarte å rømme, overlevde. I 1959 var det kring 3 % jødar i Nizjyn og i 2005 var det berre kring 300 jødefamiliar i byen .

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nizjyn