Njålssoga, er ei islandsk ættesoge, eller ei islendingesoge. På islandsk heiter ho Njáls saga, Brennu-Njáls saga ('Brende Njáls soge') eller berre Njála.

Del av Njålssoga i eit manuskript frå rundt 1350.

Soga skildrar ein feide mellom to familiar som går over femti år. Hendingane i soga skal ha gått føre seg mellom 930 og 1020, og dekker dermed tida då Island gjekk over til kristendommen i år 1000. Slaget ved Clontarf utanfor Dublin i 1014 blir skildra i soga.

Hovudpersonen i Njáls saga er Njál Torgeirsson. Islandske namn på Njál er Njáll Þorgeirsson, Brennu-Njáll og Njáll á Bergþórshvoli. Soga skildrar mellom anna den djupe vennskapen mellom Njál og Gunnar frå Lidarende, som dei held fast på trass i at konene deira ligg i blodig strid med kvarandre. Nokre tema i soga er ære, hemn og tilgjeving.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Njålssoga