Noora Noor

norsk komponist og songar

Noora Mohammed Noor (fødd 8. juli 1979) er ein norsk musikar, komponist og songar. Ho er av somalisk avstamning og fødd i Dubai,[1] men kom til Noreg frå Dei sameinte arabiske emirata då ho var 8 år.

Noora Noor

Fødd8. juli 1979 (44 år)
FødestadDubai
OpphavNoreg
Aktiv1998–
Sjangerneo-soul
Instrumentvokal
PlateselskapWarner Music Group
Verka somsongar, komponist
PrisarSpellemannprisen for årets kvinnelige artist

Karriere endre

Allereie som 15-åring vart ho signert til Warner. Noora vart kjend i Noreg etter utgjevinga av albumet Curious i 1999, spesielt med låten «Need You», skriven av Noora og Tor Erik Hermansen. Videoen til låten vart hyppig send på MTV i heile Europa i programmet The Lick. Produsenten av albumet var Stargate. For plata vann ho årets «Hit Award 2000» som beste kvinnelege artist.

Sommaren 2001 song Noora rolla som Maria Magdalena i Bentein Baardsons oppsetjing av musikalen Jesus Christ Superstar. Stykket, med Erik Røe i rolla som Jesus og Heine Totland som Judas, fekk gode kritikkar.

Oppfølgjaren til Curious let vente på seg. Hausten 2002 kollapsa Noora Noor, og på sjukehuset konstaterte legane tuberkulose. Etter fleire månadar i sjukesenga og isolat vart Noora erklært frisk. Hennar andre plate kom i 2004; All I Am. Albumet vart produsert delvis i England og delvis i USA.

Ho er velkjend på konsert-scenar landet rundt, og omtalast gjerne som «Noregs souldronning». Hennar nye materiale er i landskapet southern soul-rythm & blues. Ho skriv no alle songane sine sjølv.

Noora har eit sterkt engasjement for humanitært arbeid og har mellom anna vore ambassadør for Norsk Folkehjelp, arbeidd for kvinner i u-land for CARE Norge og gjort arbeid for Plan Norge. Ho har vore med i fredsprosjektet One People og deltok i samband med det på ein One People-singel saman med Mike Scott frå The Waterboys. Ho deltok òg på Nobels Fredspris-konsert med Morten Harket. Hausten 2009 var ho ambassadør for CARE Norge i samband med TV-aksjonen.

I november 2008 reiste ho til USA for å spele inn plate med bluesvirtuos Kid Andersen. Kid og Noora Noor spelte inn heile albumet med amerikanske musikarar frå Little Charlie & the Nightcats på tolv dagar. Albumet med tittelen Soul Deep er klart eit retrosprang for Noora Noor, men der Amy Winehouse og Duffy går lett bakover i Motown stilen, dykkar Noora djupare ned i Southern Soul og albumet gjev til tider meir assosiasjonar til Stax enn Motown. Albumet vart sleppt 16. mars 2009 på Blue Mood Records / Grappa, og har hausta rosande kritikkar i norsk presse. For albumet vann ho klassen kvinneleg artist under Spellemannprisen 2009.

Live-showet hennar har fått 6 stjerner i Dagbladet, Dagsavisen og Aftenposten.

Melodi Grand Prix 2011 endre

Ho deltok i den tredje delfinalen i Melodi Grand Prix 2011 i Skien, men kom ikkje vidare til finalen.

Kjelder endre

  1. «NRK.no - Artistar», nrk.no, henta 3. januar 2019