Nordaustlandet er den nest største øyaSvalbard og i Noreg med eit areal på 14 443 km². Som namnet seier ligg øya nordaust for Spitsbergen.

Nordaustlandet
Geografi
Stad Nordishavet
Koordinatar 79°48′N 22°24′E / 79.800°N 22.400°E / 79.800; 22.400
Øygruppe Svalbard

Areal 14 443 km², der isbrear utgjer 11 009 km²

Høgaste punkt Norddomen (783 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Demografi
Folketal 0

Nordaustlandet ligg nordaust for Spitsbergen, markert med raudt.

Mesteparten av Nordaustlandet ligg under dei store isbreane Austfonna, Vestfonna og Sørfonna. Ein utløpar av Vestfonna, Gimlebreen har trukke seg attende og avdekka at Brageneset er blitt til Bragenesøya. Resten av øya er tundra der svalbardrein og kvalross held til. Austfonna er den største isbreen i Europa. Breen er 8200 km² stor, opptil 560 meter tjukk (litt mindre enn 300 i snitt) og har eit tverrmål på 200 km.

Øya er ikkje busett.

Nordaustlandet og øyane omkring er ein del av Nordaust-Svalbard naturreservat.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre