Nordfjorden i Risør

del av Søndeledfjorden i Risør

58°44′19.738″N 9°10′45.912″E / 58.73881611°N 9.17942000°E / 58.73881611; 9.17942000

Nordfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Risør
Kart
Nordfjorden
58°44′35″N 9°07′47″E / 58.7431°N 9.1297°E / 58.7431; 9.1297

Nordfjorden er ein del av Søndeledfjorden i Risør kommune i Agder. Han er den delen av fjorden som ligg på nordsida av øya Barmen, som ligg like nordvest for sjølve Risør. Nordfjorden er litt over 7 km lang og held fram vidare som Søndeledfjorden vestover og inn til Søndeled, og som Rødsfjorden ned til Sørfjorden som går på sørsida av Barmen.

Sørsida av fjorden, eller nordsida av Barmen, er ei relativt rett kyststrekning, men på nordsida av fjorden er det langt fleire bukter og viker. Dei største av desse er Kjødvika og Sivikkilen.