Nordgermanske språk

språkgrein till indoeuropeisk som er snakka hovudsakleg i Nord-Europa

Nordgermanske språk, kjende ogso som nordiske språk[1] eller endå skandinaviske språk[2] er ei språkgrein som er snakka hovudsakleg i Nord-Europa, som omfattar språka dansk, færøysk, islandsk, norsk og svensk, og det utdøydde språket norn[3]. Alle dei nordgermanske språka kan sporast opp til urnordisk og vidare til urgermansk, og saman med vestgermanske språk (som t.d. engelsk) og utdøydde austgermanske språk høyrer til den store germanske språkfamilien som i sin tur er ei av hovudinndelingane innom den indoeuropeiske språkfamilien[4].

Utbreiinga av dei nordiske språka
Blå - fastlandsnordiske språk
Grøn - øynordiske språk

Or eit lingvistisk perspektiv kan dei nordiske språka gjerne halde for ulike dialektar av same språk[5]. Grensene mellom dialektområda er særleg vanskelege å kartleggje mellom dei fastlandske språka norsk, svensk og dansk, der sjølv standardspråka viser stor grad av gjensidig forståing[6]. Kringom året 1000 var det notidige nordisktalande området språkleg homogent[7]. I dag er dansken ensa som det mest progressive av nordiske språk, medan islandsken – som det mest konservative[8].

Det er rundt 20 miljonar menneske i Norden som har eit nordgermansk språk som morsmål. Nordiske språk vert snakka og i viss omfang i minoritetgrupper, hovudsakleg i Nord-Amerika og Australia[9].

Det finst ei rekkje dialektar i net nordgermanske språkområdet som mange vil rekna som eigne språk, som t.d. gutnisk[10] eller elvdalsk[11]. I tillegg finst det ogso kreolspråk nytta av romanifolk som av og til vert rekna som nordgermanske[12].

Det er viktig å skilje mellom nordiske språk som er ei felles nemning for den nordgermaske undergruppa i den indoeuropeiske språkfamilien og språk i Norden som omfattar og språka frå andre familiar – den uraliske (samisk, finsk og tornedalsfinsk) og den eskimoisk-aleutiske (grønlandsk)[13].

Klassifisering endre

Nordiske språk er ei undergruppe innom dei germanske språk og har sitt opphav i urnordisken, eit germansk språk som byrja å vere snakka i Norden kringom 700-talet og som vidare delde seg opp, fyrst i to nye dialektgrupper austnordisk som utvikla seg til gamaldansk og gamalsvensk, og vestnordisk (norrønt) som utvikla seg til gamalnorsk og gamalislandsk. Gamalgutnisken, snakka på Gotland, viser mange særdrag som ikkje tillet forskarar å identifisere dette språket som medlem av ei av desse to greinene og er soleis rekna som ei åtskild grein. Språksituasjonen i Norden i mellomalderen ligg bak den diakrone modellen, der skandinaviske språk vert delde i to – austnordiske og vestnordiske.

Ei meir moderne klassifisering, kjend som den synkrone modellen, delar dei nordiske språka upp på ein annan møte som speglar heller av dei notidige skilnadene mellom språka enn av den historiske tilstanden. Etter denne modellen er skandinaviske språk delde i øynordiske språk og fastlandnordiske språk. Færøysk og islandsk går då inn i den fyrste greina, medan dansk, norsk og svensk i den andre. Denne oppdelinga byggjer på dagens situasjon og særleg mange likskap mellom skriftspråka i begge undergruppene. Innom dei fastlandske språka observerer ein mange parallelle utveklingar innom bøying og syntaks, og alle tre har vore kraftig påverka av lågtysken. Innom øyspråka finnst det ein tendens til morfologisk konservatisme og meir konservativ uttale.

Den diakrone modellen endre

Referansar endre

  1. Gabriela, Panevska-Ilik, (2013). «Utlendinger og nordisk nabospråkforståelse : Et forskningsprosjekt om utlendingers nabospråkforståelse» (på engelsk). 
  2. «Nordiske språk – hvorfor det?», nordeniskolen.org, arkivert frå originalen 3. oktober 2018, henta 3. oktober 2018 
  3. Juliette Hall (2011). World Languages: A Guide to North Germanic Languages and Their Origins, Including Danish, Swedish, Norwegian, Icelandic and Faroese. ISBN 9781241308049. 
  4. Clackson, James (2007), Indo-European linguistics : an introduction, Cambridge University Press, ISBN 9780511365461, OCLC 667025651, henta 3. oktober 2018 
  5. «801-802 (Nordisk familjebok / Uggleupplagan. 37. Supplement. L - Riksdag)», runeberg.org (på svensk), 1925, henta 3. oktober 2018 
  6. Gooskens, Charlotte; van Heuven, Vincent J.; Golubović, Jelena; Schüppert, Anja; Swarte, Femke; Voigt, Stefanie (15. juli 2017). «Mutual intelligibility between closely related languages in Europe». International Journal of Multilingualism (på engelsk) 15 (2): 169–193. ISSN 1479-0718. doi:10.1080/14790718.2017.1350185. 
  7. The Nordic languages : an international handbook of the history of the North Germanic languages, Bandle, Oskar, 1926-, Elmevik, Lennart., Widmark, Gun, 1920-, W. de Gruyter, 2002-, ISBN 9783110197051, OCLC 681204660, henta 3. oktober 2018 
  8. The Germanic languages, König, Ekkehard., Auwera, Johan van der., Routledge, 2002, ISBN 0415280796, OCLC 49550397, henta 3. oktober 2018 
  9. The Oxford Handbook of Comparative Syntax, Cinque, Guglielmo., Kayne, Richard S., Oxford University Press, 2005, ISBN 1423719980, OCLC 61330942, henta 3. oktober 2018 
  10. «Gutamål – språk eller dialekt?». 26. mars 2018. 
  11. Kroonen, Guus. «Fight on to preserve Elfdalian, Sweden's lost forest language». The Conversation (på engelsk). 
  12. «Det hemmelige språket - Uniforum», www.uniforum.uio.no (på norsk), henta 3. oktober 2018 
  13. «Språk i Norden», larare.at, henta 3. oktober 2018