Nordlandsekspressen

Nordlandsekspressen er ei snøggbåtrute drive av reiarlaget Boreal Sjø. Ruta går frå Sandnessjøen i sør til Svolvær i nord, med Bodø som knutepunkt. Til dagleg vert skipa MS «Regine Normann» og MS «Elsa Laula Renberg» nytta, medan MS «Jernøy» er reservefartøy. Ruta har lange tradisjonar, og vert omtala som ei livsnerve for kystsamfunna langs Nordlandskysten. Det er mange korrespondansar undervegs, mellom anna korresponderer nattoget på Nordlandsbanen frå Trondheim med nordgåande båt frå Sandnessjøen via buss frå Mosjøen. I tillegg korresponderer båten med ei rekkje båt- og bussruter.

Bodø - Sandnessjøen - Bodø endre

Denne ruta går kvar dag kl. 06.25 om morgonen frå Sandnessjøen, og er framme i Bodø kl. 11.10. Sørover går båten kl. 16.15 frå Bodø på kvardagar og er framme i Sandnessjøen kl. 21.10. Desse hamnene kan vitjast frå sør til nord:

Bodø - Svolvær - Bodø endre

På kvardagar går denne ruta kl. 06.00 om morgonen frå Svolvær og er framme i Bodø kl. 09.15. Frå Bodø går ho kl. 18.00 på kvardagane og er framme i Svolvær ca. kl. 21. Desse hamnene kan vitjast av ruta (frå sør til nord):

Kjelder endre

  • Wikipedia på bokmål om Nordlandsekspressen.