Nordleg piggål

fiskeart
Nordleg piggål
Nordleg piggål
Nordleg piggål
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Overorden: Elopomorpha
Orden: Piggålar Notacanthiformes
Familie: Piggålfamilien Notacanthidae
Slekt: Notacanthus
Art: Nordleg piggål N. chemnitzii
Vitskapleg namn
Notacanthus chemnitzii

Nordleg piggål (Notacanthus chemnitzii) er ein piggål-art som lever bentisk på djupner frå 125-2500 m i alle verdshav. Trass i namnet er arten utbreidd både på den nordlege og den sørlege halvkula. Arten vert stundom observert ved norskekysten, men det er ikkje ofte.

Kjenneteikn endre

Den nordlege piggålen har ein lang kropp og eit rundt hovud. På ryggen sit det 10-11 frittståande piggar som er omdanna frå ei ryggfinne som elles har gått tapt. Liknande piggar finst òg fremst i gattfinna.

Nordleg piggål er grå til blåaktig, yngre eksemplarar er lysare farga enn eldre. Hoa er større enn hannen, og kan bli opptil 120 cm lang.

Levesett endre

Ein veit lite om korleis den nordlege piggålen lever. Opplysningar tyder på at han et ein del nesledyr som sjøanemoner og hydroidar. Forplantninga er òg dårleg kjend, men i likskap med dei ekte ålefiskane har dei eit leptokefal-larvestadium. Dei heilt største leptokefalane kjem gjerne frå piggålar. Ut frå skilnaden i storleik mellom kjønna, trur ein at egga frå ei ho vert befrukta av fleire hannar.

Kjelder endre

  • Vøllestad, Leif Asbjørn: «Ålefisker» i Norges dyr - Fiskene 2 Cappelen 1992
  • FishBase