Nordmalings kommun

kommune i Västerbotten len i Sverige

Nordmaling kommune er ein svensk kommune som ligg i Västerbottens län i landskapet Ångermanland og landsdelen Norrland. Kommunen har grense mot kommunane Umeå, Vännäs og Bjurholm i Västerbottens län og Örnsköldsvik i Västernorrlands län. Administrasjonssenter i kommunen er Nordmaling.

Nordmalings kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Västerbottens län
Landskap Ångermanland
Del av Ångermanland, Q61680002, Q61669471
Areal 1 269,59 km²
 - land 1 229,42 km²
 - vatn 40,17 km²
Folketal 1 233[1]  (2011)
Kart
Nordmalings kommun
63°34′00″N 19°30′00″E / 63.566666666667°N 19.5°E / 63.566666666667; 19.5
Wikimedia Commons: Nordmaling Municipality
Nordmaling kyrkje

Geografi endre

Kommunen har sprekkedalslandskap som mot kysten til Austersjøen går over i ei kystslette.[2] Det viktigaste vassdraget er Öreälven som munnar ut i havet ved Öre og Lögdeälven som munnar ut ved Rundvik.

E4 går gjennom kommunen. Nordmaling er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Botniabanan. Stambanan genom övre Norrland går gjennom dei indre delane av kommunen, men har ikkje lenger stoppestader for persontrafikk i kommunen. Örnsköldsvik lufthamn og Umeå lufthamn ligg i køyreavstand frå Nordmaling.

Tettstader endre

Nordmaling kommune hadde tre tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Nordmaling 2 619
2. Rundvik 911
3. Lögdeå 414

Andre mindre stader i Nordmaling kommune endre

Folketalsutvikling endre

Folketalsutviklinga i Nordmaling kommune
År Innbyggjarar
1810
  
2 517
1850
  
4 337
1900
  
9 726
1950
  
10 403
1960
  
9 550
1970
  
8 159
1980
  
8 124
1990
  
8 192
2000
  
7 663
2008
  
7 276

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre