Nordre Land kommune

kommune i Innlandet fylke i Noreg

Nordre Land kommune er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen grensar i nord til Nord-Aurdal og Gausdal, i nordaust mot Lillehammer, i aust mot Gjøvik, i sør mot Søndre Land, i sørvest mot Sør-Aurdal, og i vest mot Etnedal. Kommunen høyrer til landskapet Land.

Nordre Land kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Dokka
Areal 955 km²
 - land 925 km²
 - vatn 30 km²
Folketal 6 510  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Ola Tore Dokken (Sp)
Kommunenr. 3448
Kart
Nordre Land kommune
60°50′05″N 10°04′31″E / 60.834722°N 10.075278°E / 60.834722; 10.075278
Wikimedia Commons: Nordre Land
Nettstad: www.nordre-land.kommune.no

Personar som kjem frå Nordre Land kommune blir kalla for nordrelending.

Areal og befolkning endre

 
Dokka er kommunesenter i Nordre Land
 
Åmot kyrkje (Torpa i Nordre Land)

Per 2007 var 41 % av innbyggjarane busett i tettbygde strøk. Dei fleste nordrelendingar bur i og rundt kommunesenteret Dokka med 2 928 innbyggjarar per 1. januar 2023. Elles er det spreidd busetnad i Vest-Torpa, Nord-Torpa og Aust-Torpa.

Nordre Land kommune svarar til området for Nordre Land prestegjeld, i Hamar bispedømme.

Historie endre

Frå 1837 låg Nordre Land i Land formannskapsdistrikt. I 1847 vart dette delt i Nordre og Søndre Land formannskapsdistrikt. Land hadde 9199 innbyggjarar da distriktet vart delt. 1. januar 1914 vart Nordre Land delt ved at Torpa vart skilt ut som eigen kommune.

1. januar 1962 vart kommunane Torpa og Nordre Land, i tillegg til krinsen Tranlia og eigedomen Store Røen frå gamle Fluberg kommune (til saman 196 innbyggjarar i Fluberg-områda) slegne saman til dagens Nordre Land kommune.

Geografi endre

Innsjøane Randsfjorden, Dokkfløyvatnet og Akksjøen ligg i kommunen. Dokkaelva renn frå Dokkfløyvatnet i nord og ned gjennom Torpa og mot tettstaden Dokka, og vidare ut i Randsfjorden. Denne elva er regulert. Elva Etna renn frå nabokommunen Etnedal i vest, gjennom Nordsinni, før ho også renn ut i Randsfjorden. Denne elva er ikkje regulert.

Kommunevåpen endre

Kommunevåpenet vart vedtatt i 1986. Det viser to gule tømmerfløytarhaker på blå grunn. Reiskapen vart vald som symbol på kommunevåpenet sidan han speglar den lange historia med tømmerfløyting i Randsfjordsvassdraget. Grafikaren Dag Magne Staurheim designa motivet.[1]

Kjelde endre

  1. Kommunevåpen for Nordre Land - nordre-land.kommune.no, arkivert frå originalen 24. juli 2011, henta 7. juni 2011 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.