Nordvest-England (North West England) er ein av dei ni regionane i England. Han grensar til Irskehavet i vest og til fjellkjeda Penninane i aust. Regionen strekkjer seg frå grensa til Skottland i nord til dei walisiske fjella i sør. Det høgste punktet i North West England (og den høgste fjelltoppen i England) er Scafell Pike i Cumbria, med ei høgd på 978 m.

Nordvest-England

Nordvest-England i England
Geografi
Status Region
Areal 14 165 km²
Demografi
Folketal
— Totalt
— Folketettleik

6 853 200
483,8 /km²
BIN per innbyggjarar £17 433 (6.)
Styre
Adm. senter Manchester / Liverpool
Nettstad

To store konurbasjonar kring byane Liverpool og Manchester dominerer den sørlege delen av regionen og er der det bur mest folk. I den nordlege delen, medrekna nordlege Lancashire og Cumbria, finn ein område med mindre folkesetnad.

Einingar endre

Han er delt inn i følgjande grevskap og einskaplege styresmakter:

Grevskap endre

Einskaplege styresmakter endre

Kjelder endre