Nordvestterritoria

Nordvestterritoria (engelsk Northwest Territories, ofte forkorta NWT; fransk, les Territoires du Nord-Ouest) er eit kanadisk territorium. Det har ei flatevidd på 1 171 918 m², men berre 41 861 (2006). Sidan 1967 har hovudstaden vore Yellowknife.

Northwest Territories
Territoires du Nord-Ouest
territorium
Flagg
Symbol
Land  Canada
Hovudstad Yellowknife
Areal 1 346 106 km²
Folketal 41 070 (2021)[1]
Grunnlagd 1870 (Hudson's Bay Company overgav territoria til Canada)
Språk Dene suline, cree, engelsk, fransk, gwich’in, inuinnaqtun, inuktitut, inuvialuktun, nord-slavey, sør-slavey, tłįchǫ[2]
Tidssone UTC-7
Kart
Nordvestterritoria
66°N 119°W / 66°N 119°W / 66; -119
Wikimedia Commons: Northwest Territories

Historie endre

Historia til dette kanadiske territoriet blei til i juni 1870 då Hudson's Bay Company overførte Rupert's Land og North-Western Territory til den kanadiske regjeringa. Denne digre regionen omfatta heile det noverande Canada bortsett frå Britisk Columbia, kysten av dei store sjøane, dalen rundt St. Lawrence-elva og den sørlege tredjeparten av Quebec, Maritimes, Newfoundland, Labradorkysten og dei arktiske øyane som no er del av landet. Namnet viser til den nordvestre plasseringa i høve til Rupert's Land.

Etter overføringa blei området gradvis forminska ved at det blei skilt ut mindre provinsar. Manitoba blei til i 1870 som ein liten firkant rundt Winnipeg før det blei utvida til dagens provins i 1881. Då Britisk Columbia blei med i den kanadiske konføderasjonen i 1871 var det allereie blitt lova dei delane av Nortdvestterritoria som låg sør for 60 grader nord og vest for 120 grader vest. I 1882 blei Regina territoriehovudstad, men etter at Alberta og Saskatchewan blei provinsar i 1905 blei Regina i staden provinshovudstad i den nylaga Saskatchewan.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nordvestterritoria
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.