Noreg sitt geografiske midtpunkt

Noreg sitt geografiske midtpunkt (63°59′26″N 12°18′28″E / 63.99056°N 12.30778°E / 63.99056; 12.30778) har vorte heimfesta til ein stad i Ogndalsfjella i Steinkjer kommune i Trøndelag fylke. Utrekninga vart gjort av Harald Stavestrand ved Statens kartverk, som hadde frykta at midtpunktet ville visa seg å vera i Sverige på grunn av bananforma til Noreg. Eit monument vart avduka i ein offisiell seremoni den 3. september 2006 og det er von om at det vil verta ein turistattraksjon.

Ein bauta er sett opp på Noreg sitt geografiske midtpunkt, og det er merkt løype hit både sommars- og vinterstid

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

63°59′26″N 12°18′28″E / 63.99056°N 12.30778°E / 63.99056; 12.30778