Noregs fiskerihøgskole

Noregs fiskerihøgskole er eit av dei seks fakulteta ved UiT Noregs arktiske universitet. Høgskolen har ca. 200 tilsette og ca. 600 studentar.

Noregs fiskerihøgskole
Noregs fiskerihøgskole

Høgskolen vart oppretta i 1972 som ein paraplyorganisasjon for fiskeriforskning. Høgskolen hadde avdelingar ved universiteta i Bergen og Tromsø, og ved Norges tekniske høgskole (NTH) og Norges handelshøgskole (NHH).

I 1988 vart NFH omorganisert og inkorporert i Universitetet i Tromsø. NFH er i dag organisert som eit fakultet under UiT, men har framleis eigen rektor og nettside. NFH har ca 200 tilsette og ca 600 studentar (2007).

Høgskolen etablerte i 2004 MaReMa, Centre of Marine Resource Management.

Høgskolen har desse institutta:

  • Institutt for akvatisk biologi (IAB)
  • Institutt for marin bioteknologi (IMAB)
  • Institutt for økonomi (IFØ)
  • Institutt for samfunns- og markedsfag (ISAM)

Forskningsfarty endre

NFH har fire forskningsfarty av ulik storleik:

  • F/F «Jan Mayen» (64 meter)
  • F/F «Johan Ruud» (32 meter)
  • F/F «Hyas» (12 meter)
  • F/F «Børtingen» (6,7 meter)

Bakgrunnsstoff endre

Fiskerihøgskolen si heimeside