Norges luftfartøyregister

Norges luftfartøyregister (NLR) er eit register over norske sivile luftfartøy.

Norges luftfartøyregister vert ført av Luftfartstilsynet. Alle sivile fly som skal fly i norsk luftrom skal ha gyldig registreringsbevis frå NLR.[1] Berre fartøy som er registrerte i NLR får utskrive norsk sivilt registreringsbevis. Registrering i NLR gjev òg rettsvern for registrerte heimelsforhold og heftedokument.[1]

Registreringsmerket består av 5 bokstavar; LN-(XXX).[2] Det er avsett følgjande for:

  • Seglfly: LN-G(XX)
  • Helikopter: LN-O(XX)
  • Ballongar: LN-C(XX)
  • Mikrofly: LN-Y(XX)

Med desse avgrensingane kan eigaren sjølv velja registreringsmerke. Mange flyeigarar vel eit registreringsmerke som svarar til deira eigne initialar. Ved eigarskifte følgjer registreringa til den tidlegare eigaren.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Norges luftfartøyregister», Luftfartstilsynet, henta 4. januar 2022 
  2. «Tildeling av registreringsbokstavar», Luftfartstilsynet, henta 4. januar 2022 

Bakgrunnsstoff endre