Normaltid er i Noreg middeltida for den meridianen som ligg 15 grader austanfor Greenwich.

Påminning om overgangen frå sommartid til normaltid.

Norsk normaltid samsvarar med mellomeuropeisk tid og er ein time føre (større tal) Greenwich tid (GMT), òg kalla verdstid, UT.

Klokka stillast i 2007 etter normaltid i tida fram til 25. mars kl.0200 og frå 28.oktober klokka 0200, alle klokkeslett etter norsk normaltid.

Den delen av året vi ikkje har normaltid, er klokka stilt ein time fram, og vi har sommartid.

Lovfesting endre

«Log um sams normaltid fyr kongeriket Norig»[1], som vart vedteken 29. juni 1894, var den første lova Stortinget vedtok med teksten på landsmål[2]. Lova var gjeldande rett inntil «Lov om målenheter, måling og normaltid» trådde i kraft 1. januar 2008[3].

Referansar endre

Sjå også endre