Norrøn litteratur

Norrøn litteratur er litteratur på norrønt frå perioden rundt år 800 til 1350. Noreg og Island er rekna som eit felles kulturområde i denne tida, med mellom anna felles språk, religion og litteratur. Bakgrunnen for dette var at Island vart busett frå Noreg (frå 860-åra), og også etter dette var det eit nært samband mellom dei to landa. Dei eldste delane av den norrøne litteraturen levde på folkemunne i fleire hundre år og fekk skriftleg form først på 1200-talet. Nedskrivinga skjedde for det meste på Island, og her utvikla dei i tillegg ein nyskapande skrivekunst som har sett sterke spor etter seg i verdslitteraturen. Den norrøne litteraturen er rik og mangfoldig og omfattar mellom anna eddadikt, skaldedikt, kongesoger, islendingesoger, fornaldarsoger, religiøs litteratur og hofflitteratur. Til hofflitteraturen høyrer det norske verket Kongsspegelen, som truleg vart skrive i Bergen medan Håkon Håkonsson var konge.

Eddadikt endre

Den eldre Edda var ei skinnbok med dikt som vart funne i ei seng på ein gard på Island på 1600-talet. Det synte seg at boka inneheldt gudedikt og heltedikt frå vikingtida. Dei hadde levt på folkemunne i fleire hundre år før dei vart nedskrivne av ein ukjend person på 1200-talet. Den sjeldsynte skinnboka vart gitt til kongen i Københamn og fekk namnet Codex Regius (Kongens bok). Seinare vart boka levert attende til Island.

Skaldedikt endre

Skaldedikta skil seg ut frå Edda-dikta ved at dei ofte er dikta av personar vi kjenner namna på. Dei har ofte eit personleg preg, og dei har ei svært komplisert form. Dei er også yngre enn eddadikta, og dei skildrar ofte hendingar som fann stad like før dei vart til.

Kongesoger endre

Den største sogeskrivaren i den norrøne litteraturen er Snorre Sturlason, mannen bak Heimskringla. Den ruvande verket hans om dei norske kongane frå Harald Hårfagre og fram til slaget på Re i år 1177 har spelt ei svært stor rolle for norsk nasjonsbygging. Framleis er det ei svært viktig kjelde til den norske historia i vikingtida og ein stor del av mellomalderen.

Islendingesoger endre

Islendingesogene utgjer kanskje den mest originale delen av den norrøne litteraturen. Dei handlar for det meste om folk og hendingar på Island, og dei er skrivne av islendingar. Sogenen hentar stoffet sitt frå den urolege sagatida på Island, då høvdingar og ætter låg i blodige feidar med kvarandre.

Fornaldarsoger endre

Fornaldarsogene har eit meir eventyrleg preg enn islendingesogene, og dei byggjer ofte på segnstoff heilt attende til folkevandringstida.

Hofflitteratur endre

Hofflitteraturen vart til i miljøet rundt kongen. Franske riddarsoger vart omsette til norrønt. Det mest originale verket her er Kongsspegelen, som er skrive av ein norsk forfattar, truleg ein som har halde til ved Håkon Håkonsson sitt hoff i Bergen.

Religiøs litteratur endre

Den religiøse litteraturen omfattar mellom anna helgenlegender.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre