Norrøn religion eller nordisk religion er eit omgrep som vert nytta til å omhandle den variasjonsbreidd av religiøse idéar som var vanlege iblant dei germanske stammene som levde i dei nordiske landa før framvoksteren av kristen misjonsaktivitet i Nord-Europa. Desse er paganistiske skikkar som ein reknar med gjekk inn i eit større system av germansk paganisme, og såleis hadde mykje til felles over heile det området som var busett av dei germanske stammene over mesteparten av Nord- og Sentral-Europa. Kunnskapen om norrøn paganisme byggjer for det meste på arkeologiske funn frå førkristen tid og av opplysningar i ymse skrifter, for det meste frå kristen mellomalder. Det har vore gjort samanlikningar mellom dei hevdvunne gamle rituala i frimurerordenen og somme av dei opplysningane om kult og ideologi som norrøne skifter og nordisk arkeologisk materiale kan gje, og disse samanlikningane ser ut til å kunne kasta nytt ljos over viktige sider ved den førkristne kulten.[2]

Sølvfigur tolka som Odin eller Frøya[1] frå rundt 900 funne ved Lejre i Danmark.

Akademikarar (som til dømes Georges Dumézil) meinte at det finst somme strukturelle og tematiske element innan dei kjende norrøne religiøse ideane som plasserer norrøn paganisme innanfor rammeverket av pan–indoeuropeiske uttrykk for åndelege tankar i det heile.

Arkeologiske kjelder endre

 
Gullbrakteat frå Sverige med svastika og runeinnskrifta ALU
 
Torshammar av sylv funne i Skåne i Sverige

Mange funnstader i Skandinavia har gjeve verdfull informasjon om tidleg skandinavisk kultur. Det eldste bevarte kulturelle dømet på uttrykk for idear og ei tru på makter er helleristingar.[3] Helleristningane og tidfestinga av dei er til vanleg inndelte i to kategoriar etter motiv, «jakt-helleristingar» og «jordbruks-helleristingar». Jakt-helleristingane er dei eldste (ca. 9000–6000 f.Kr.) og har for det meste vorte funne i Nord-Skandinavia (Jämtland, Nord-Trøndelag og Nordland). Desse funna verkar indikere eit tilvære bygd i første rekkje på jakt og fiske. Desse motiva vart gradvis overtekne (ca. 4000–2000 f.Kr.) av glyfar med meir zoomorfe, eller kan hende religiøse, tema. Dyr var ofte illustrerte frå eit «røntgen-perspektiv» svært likt dei australske aboriginarane sine petroglyfar (helleristingar). Glyfane frå den sørlegaste regionen (Bohuslän) er sidan utvida med yngre jordbruks-glyfar (ca. 2300–500 f.Kr.) som verkar vere attgjevingar frå eit tilvære i større mon grunnlagt på jordbruk. Desse seinare motiva syner skip og sol- og månemotiv, geometriske spiralar og antropomorfe skapningar som ideografisk synest indikere byrjinga på norrøn religion.

Seinare, i jarnalderen og vikingtida, finst materielle indikasjonar på ei aukande sofistikering i norrøn religion, som til dømes «gripedyr»-motiv og andre kompliserte mønster og bilete på våpen, i småkunsten som reimspenner osb., og på smykke, og det vart mellom anna laga smykkeliknande figurar knytt til ulike guddomar, som til dømes «Mjølneranheng» (torshammarar forma som små hengjesmykke) med referanse til guden Tor, brakteatar (tynne gullblekkbilete) med runeteikn og referanse til andre guddomar. Runeteikna utgjorde eit skriftsystem som kan hende har opphav i ein kombinasjon av urgermansk språk og etruskisk eller gotisk skrift. Men dette er ikkje prova, og ei mengd teoriar om opphavet til runene har vorte framsette.

Mange andre ideografiske og ikonografiske motiv som kan hende syner dei religiøse truene til dei nordiske folka i yngre jarnalder/vikingtida er attgjeve på runesteinar som til vanleg var reiste som merke eller minnesteinar. Desse minnesteinane var til vanleg ikkje plasserte nær ei grav, og mange gonger er det skrive ei gravskrift med runer for å minnast avlidne skyldfolk. Denne praksisen fortsette lenge etter at kristendomen gjorde sitt inntog.

Andre viktige arkeologiske funn som kan hende syner tidleg norrøn religion er myrlik slik som Tollundmannen, som kan hende vart ofra i ein religiøs eller kultisk kontekst.

Til liks med dei fleste folk frå oldtida og mellomalderen, var det norrøne samfunnet delt opp i fleire klasser, og bruk av trælar var òg utbreidd mellom dei tidlege nordiske folka. Majoriteten av rike gravleggingar frå den heidenske perioden synest å gjelde dei høgare klassene.

Litterære kjelder endre

Det meste, om ikkje alt, av skriftleg materiale om den norrøne religionen er avleidd frå skriftlege skildringar mykje seinare enn tida då religionen blei praktisert, og fram til godt innpå den kristne perioden. Det er i denne perioden linene vert skipla mellom nordisk før–kristen religion og ein demonisert og romantisert norrøn mytologi. Norrøn religion var eit kulturelt fenomen, og likeins dei fleste folketruer før skriftspråk gjer seg gjeldande, hadde dei som levde i desse truene ikkje namn på religionen sin, ikkje før dei kom i kontakt med folk utanfrå eller konkurrentar. Dei einaste namna som er skjenka norrøn religion, er dei som vart nytta til å skildre religionen på ein konkurranseprega måte, til vanleg i ein svært antagonistisk kontekst. Nokre av desse var heidendom (skandinavisk), Heidentum (tysk), heathenry (engelsk) eller paganisme (latin).

Kva no den norrøne religionen vart kalla av tilhengjarane sine, er han berre kjend frå manuskript av mellomalderen sine historikarar, framfor alt av Snorre og Saxo Grammaticus. Likevel finst det eit ekstremt stort innsamla materiale av samanliknande historiske skrifter som opp til nokså nyleg ikkje har vorte studert eller har vore ignorert, og omfanget av kunnskapen om dette emnet veks eksponensielt.

Gudsdyrking endre

Dei islandske omgrepa frå mellomalderen, forn siðr eller «gammal skikk» om heidendomen, og «ny skikk» om kristendomen, syner at hovudvekta var lagt på kult og seremoniar i praktiseringa av både heidendomen og den tidlege kristendomen. Som hovudregel kan ein seia at kultutøvinga, altså gjennomføringa av ritual av ulike slag, eigenleg var sjølve religionen i førkristen tid og langt inn i kristen tid.

Trussenter endre

 
Gamle Uppsala har vore eit senter for kult i denne parten av Sverige heilt til tempelet vart øydelagd seint på 1000-talet.

Ifylgje boka Germania av romaren Tacitus[4], frå om lag år hundre e.Kr., hadde dei germanske stammane sjeldan eller aldri tempel for gudane sine. Denne påstanden har vorte diskutert ivrig blant våre dagars fagfolk, ettersom arkeologiske funn kan tyde på at særskilde hus, hòv, har vore nytta i kulten frå den seinare parten av eldre jarnalder, og i alle høve i yngre jarnalder og vikingtida.

 
Disarblot slik August Malmström (1829–1901) førestilte seg det.

Blótet, som var den forma for gudsdyrking dei germanske og skandinaviske folkeslaga praktiserte i førkristen tid, kan ha likna på det som vart praktisert mellom keltar og baltarar, og kunne gå føre seg i hòvet, i heilage lundar, i eit ve eller på ein haug. Det har vore nokre få viktigare senter for større område eller eit småkongedøme, slik som Kaupangen i Skiringssal, Lejre og Uppsala. Adam av Bremen[5], hevdar at det fanst eit tempel i Uppsala (noverande Gamle Uppsala) med tre trestatuar av Tor, Odin og Frøy, sjølv om ingen arkeologiske prov til dags dato har kunna stadfeste dette. Men spor etter mellom anna stolpar etter ein bygning som er funne ved granskingar av grunnen attmed mellomalderkyrkja i Gamle Uppsala har av mange vorte sett på som spor etter ein hòvbygning.

Eit særleg ritual var den sjamanistiskliknande praksisen, mellom anna seiden, som kvinnelege sjåarar, volvene, stod for.

Ritual av ymse slag kunne òg finne stad i heimen og/eller ved eit altar av oppstabla steinar kjend som ein «horgr».

Prestar endre

Medan det verkar som om det har eksistert eit slags presteskap, utvikla dei aldri den profesjonelle og halvt arvelege karakteren til den keltiske druide-klassa. Det har vorte hevda at den germanske kongemakta utvikla seg frå eit presteskap. Denne presterolla som kongen hadde, var overordna den rolla som goden hadde, dvs. leiarskapen for ættegruppa av familiar (for denne sosiale strukturen, sjå ætt), og utføringa av ofringane.

Ofring av menneske endre

Ei sjeldan augevitneskildring av germansk menneskeofring finst i arabaren Ibn Fadlans skildring av ein båtgravgravlegging av ein skandinavisk stormann (truleg svenske) ved elva Volga, der ei træljente friviljug skulle fylgje husbonden sin til neste verda, og difor vart ofra og lagt ved sida av den døde på båten før alt vart sett fyr på. Meir indirekte skildringar er gjevne av Tacitus, Saxo Grammaticus og av Adam av Bremen som gjer greie for store menneskeofringar i ein heilag lund ved tempelet (hòvet) i Uppsala på tusentalet.

I Ynglingesoga i Heimskringla fortel Snorre Sturlason om den svenske kongen Ane som ofra ni av sønene sine i ei freisting på å forlengje livet sitt inntil undersåttane hans stogga han frå å drepe den siste sonen som var att, Egil. Svenskane hadde ikkje berre rett til å velje kongar, men òg til å avsetje dei, og det seiest at både kong Domalde og kong Olaf Trätälja vart ofra etter år med hungersnaud. Odin var kopla saman med avretting gjennom henging, og ein mogleg praksis med odinistisk ofring ved stryping har noko arkeologisk støtte i eksistensen av lekamer, myrlik funne i til dømes Jylland. Eit døme er Tollundmannen. Likevel kjenner ein ikkje til skriftlege skildringar som i klårtekst tolkar motivet for desse rituelle drapa, som sjølvsagt også kan ha andre forklåringar.

Referansar endre

  1. Var Odin en kvinde? ved videnskab.dk
  2. Arvid Ystad. 2016. Frimurerne i vikingtiden. Oslo: Pax Forlag. ISBN 9788253038438
  3. Helleristingar
  4. Germania er saman med Tacitus' bok Agricola omsett til norsk av Trygve Widt og gjeven ut i eitt band, Agricola og Germania, Oslo 1968: H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard)
  5. Adam av Bremen, Beretningen om Hamburg stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden, fra latin, med innledning, noter og register ved Bjørg Tosterud Danielsen og Anne Katrine Frihagen ; etterord ved Helge Ingstad, Oslo: Aschehoug, 1993. ISBN 82-03-20028-1

Sjå òg endre