Norrbottens län
| |||
Länsbokstav | BD | ||
Landskap | Norrbotten og Lappland | ||
Residensstad | Luleå | ||
Landshövding | Per-Ola Eriksson | ||
Areal - Totalt - Andel vatn |
Nummer 1:a 98 911 km² | ||
Folketal - Totalt - Innbyggjarar/km² |
Nummer 15:e 252 858 3 | ||
Oppretta | 1810 |
Norrbottens län er det nordlegaste lenet i Sverige. Administrativt sentrum er Luleå. Norrbottens län er det største lenet i Sverige og utgjer i flatemål kring ein fjerdelel av det totale landarealet. Norrbottens län vert delt inn i landskapet Norrbotten og den nordlege delen av landskapet Lappland. Norrbottens län vart skild ut frå Västerbottens län i 1810.
Länet har 14 kommunar. Størst flatevidd har Kiruna kommune, medan Haparanda er den minste kommunen. Luleå kommune har flest innbyggarar og Arjeplog kommune minst.
Det høgste fjellet i Sverige, Kebnekaise, og landets djupaste innsjø, Hornavan på 232 m djupn, ligg i Norrbottens län. Samstundes som det er permafrost i fjellområda strøymer turistane til havbada ved Bottenvikskysten.