Norsk Jernbanemuseum

59°56′42.94″N 10°56′0.96″E / 59.9452611°N 10.9336000°E / 59.9452611; 10.9336000

Norskbygd damplokomotiv utstilt på Norsk Jernbanemuseum.
Damplokomotiv får den smalspora og nedlagde Urskog-Hølandsbanen. Denne smalspora bana, som var knytt til det normalspora stambanenettet på Sørumsand, vert no drive som museumsjarnbane på ein del av strekninga.

Norsk JernbanemuseumHamar, skipa i 1896, er det nasjonale jarnbanemuseet i Noreg, og eit av dei eldste jarnbanemusea i verda. Museet er offentleg, drive av Jernbaneverket, med både utstillingar innandørs og utandørs. Men utandørsutstillingane, med mellom anna den eldste stasjonsbygningen i Noreg, Kløften stasjon frå KløftaRomerike, er berre er opne for publikum om sommaren.

Innandørsutstillingane femnar om gjenstandar, modellar og illustrasjonar frå og om norsk jarnebanesoge, presentert mellom anna på moderne vis som videoframsyningar, dataspill, animasjonsfilmar, reiseplanleggjarar og jarnbanemusikk. Museet har ein stor og variert fotosamling og eit rikhaldig bibliotek. Fleire lokomotiv og vogner av ulike slag er stilte ut både i hallar og utandørs, mellom anna Noregs største damplokomotiv, Dovregubben, personvogner laga for dei kongelege og anna materiell frå farne tider. Utandørs finst skjenegang, signal, stasjonsbygningar, lokomotivstall, banevaktarbustad, kvilebrakke for banemannskap, ei restaurantvogn opa for publikum, og dessutan kioskkompaniet Narvesens første aviskiosk. Om sommaren vert «Tertitt-toget» køyrd på ei smalspora jarnbane på museumsområdet, og dessutan eit minitog som vert kalla «Knertitten».

Stasjonsbygningar på museet endre

Sjå òg endre

Museumsjarnbane

Bakgrunnsstoff endre