Norsk Ordbok

Nynorsk ordbok
For ordbøker med liknande namn, sjå Norsk ordbok (fleirtydingsside)

Norsk Ordbok er eit prosjekt for utgjeving av eit ordboksverk over nynorsk språk og norske dialektar i 12 band. Verket vart utgjeve i eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Kulturdepartementet og forlaget Det Norske Samlaget, og ferdigstilt i 2016. I 2015 sa Universitetet i Oslo frå seg ansvaret for boka, og Universitetet i Bergen tok over.[1]

Målsetjing endre

Målsetjinga til ordprosjektet er fylgjande: «Norsk Ordbok skal gje ei uttømmande vitskapleg framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane frå 1600 og til i dag og av det nynorske skriftmålet. Hovudvekta skal liggje på grundige tydingsanalysar med klåre definisjonar, kjeldefesta døme på bruk i litteraturen og i målføra, opplysningar om grammatiske eigenskapar og om dialektformer med heimfesting.»

Norsk Ordbok er ei kombinert litteratur- og dialektordbok, og denne kombinasjonen er heller uvanleg i europeisk samanheng. Bakgrunnen for det har å gjere med norsk språkhistorie og ideen bak nynorsken generelt, nemleg at nynorsken byggjer på ei jamføring av ulike dialektar. Elles kan Norsk Ordbok jamførast med andre vitskaplege ordboksverk som Svenska Akademiens Ordbok for svensk, Ordbog over det danske Sprog for dansk, Woordenboek der Nederlandsche Taal for nederlandsk, Deutsches Wörterbuch for tysk og Schweizerisches Idiotikon for sveitsertysk.

Verket er i 12 band, og er den største og mest omfattande dokumentasjonen som ligg føre av norsk skrift og tale. Verket skulle etter planen, saman med Det Norske Akademis Ordbok (Norsk Riksmålsordbok), vera ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Siste band kom i 2016. Det fyrste heftet kom ut i 1950, etter at arbeidet vart starta i 1930.

NO 2014 endre

Frå og med 1. juni 2002 vart arbeidet med Norsk Ordbok kopla til prosjektet "Norsk Ordbok 2014". Utgangspunktet er at Stortinget i 2001 slutta seg til innstillinga frå Kulturdepartementet (Stortingsmelding 22 1999–2000) og vedtok at ordboksverket skulle gjerast ferdig i 2014, dvs. til 200-årsjubiléet for den norske grunnlova. Etter vedtaket har det skjedd fleire endringar: løyvingane er kraftig auka, det er tilsett ei rad nye medarbeidarar, det er skipa ein eigen filial av redaksjonen i Trondheim, materialet er digitalisert, det er utarbeidd fastare og klarare reglar for redigeringa, mellom anna når det gjeld eksempel på bruk av ord og tydingar, og manuskripta for ordartiklane vert lagde direkte inn i eit nyutvikla redigeringsprogram.

Dei viktigaste finansieringskjeldene til Norsk Ordbok var Kultur- og kyrkjedepartementet og Universitetet i Oslo.

Prosjektet «Norsk Ordbok 2014» hadde Magnus Rindal som styreleiar og Åse Wetås som prosjektdirektør. Hovudredaktørar er Lars S. Vikør, Oddrun Grønvik, Dagfinn Worren og Helge Gundersen. Arbeidet vert organisert gjennom seks redaksjonsgrupper, kvar med 4–5 redaktørar.

Redaktørar tilsette i prosjektet var Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Sturla Berg-Olsen, Øystein Baardsgaard, Kristine Eide, Eli J. Ellingsve, Øyalf Endresen, Anne Engø, Kjetil Gundersen, Ellen Hellebostad Toft, Madeleine Halmøy, Hege Fjeldseth Hellum, Tor Erik Jenstad, Helene Urdland Karslen, Knut E. Karlsen, Astrid Nilsen-Nygård, Børge Nordbø, Solveig Helene Rekdal, Ålov Synnøve Runde, Dagfinn Rødningen, Kari-Anne Selvik, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Ingjerd Legreid Ødemark, Leiv Inge Aa, Gunhild Aamodt, Gunnhild Wiggen.

Norsk Ordbok A–H (NO-AH) endre

I 2019 byrja eit prosjekt for å oppdetare og revidera ordboka gjennom samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda. Hovudmålet til prosjektet er å gå gjennom og digitalisera innhaldet frå A til H.[2]

Tilfang endre

Sjølve innsamlingsarbeidet kan seiast å ha fylgt eit tredelt prinsipp som Sigmund Skard formulerte i 1932: a) ord frå eldre dialektordbøker, b) ord frå nyare dialektinnsamlingar, c) ord frå nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur.

I den tidlege fasen vart ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt jamførte, og det danna grunnlaget for eit grunnmanuskript i 1930- og 1940-åra. Deretter vart tilfanget supplert etter Skards retningsliner då ein bygde opp setelarkivet

Setelarkivet har i dag om lag 3,2 millionar setlar. Av skriftlege kjelder kan nemnast a) dei eldste norske dialekt- og ordsamlingane frå dansketida (ca. 1650–1850), b) den nynorske skjønnlitteraturen, både den ”klassiske”, representert ved forfattarar som Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg og Olav Duun, og den nyare, ved til dømes Tarjei Vesaas, Edvard Hoem, Kjartan Fløgstad og Jon Fosse, c) nynorsk faglitteratur og nynorske lærebøker, d) aviser, tidsskrift og blad heilt eller delvis redigerte på nynorsk, e) nynorske fagordbøker, f) Bibelen og salmedikting. Av munnlege kjelder kan nemnast a) tradisjonsord som er innsende av om lag 600 heimelsfolk frå heile landet, b) ord som er registrerte av Norsk Målførearkiv, d) kring 90 trykte dialektordbøker frå heile landet, e) private setelarkiv med samlingar av dialektord.

I 2002 byrja Norsk Ordbok 2014 å byggje opp eit viktig supplement til det tradisjonelle setelarkivet: eit elektronisk tekstkorpus. I korpuset finn ein tekster frå dagspresse, tidsskrift, faglitteratur og skjønnlitteratur, både for vaksne og barn. Per februar 2014 inneheldt korpuset om lag 90 millionar ord. Korpuset er søkbart over Internett.

Digitale søk endre

Redaksjonen utvikla også ein nettversjon av Norsk Ordbok. Førebels kan ein søke på ord frå i til åværig, men det finst òg ein testversjon der meir av materialet er tilgjengeleg.

Kjelder endre

  1. Siw Ellen Jakobsen (9.3 2016), «Norsk Ordbok er ferdig», forskning.no 
  2. «Norsk Ordbok - Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet», no2014.uib.no, henta 6. oktober 2021 
  • Bakken, Kristin. 2005. Norsk Ordbok 2014 – rammer og utfordringar. I Fjeld, Ruth V. og Dagfinn Worren (red.). Nordiske studiar i leksikografi 7, Oslo, 29–35.
  • Hageberg, Arnbjørg. 1992. Norsk Ordbok – i 1950 eit nybrotsverk, i 1991 ein anakronisme? I Fjeld, Ruth V. (red.). Nordiske studier i leksikografi, Oslo, 235–243.
  • Skard, Sigmund. 1932. Norsk Ordbok. Historie-plan-arbeidsskipnad. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Vikør, Lars S. 2003. Norsk Ordbok ved ein krossveg. I Slotte, Peter (red.). Nordiske studier i leksikografi 6. Tórshavn, 391–396.

Bakgrunnsstoff endre