Norsk Teknisk Museum

59°57′59.587″N 10°46′58.012″E / 59.96655194°N 10.78278111°E / 59.96655194; 10.78278111

Norsk Teknisk Museum

StadOslo kommune
Skipa1914
Kart
Norsk Teknisk Museum
59°58′00″N 10°46′58″E / 59.966666666667°N 10.782777777778°E / 59.966666666667; 10.782777777778

Norsk Teknisk Museum er nasjonalmuseum i Noreg for industri, vitskap, teknologi og medisin. Sidan mai 1986 har det lege på Kjelsås i Oslo. I 2011 blei museet kåra til årets museum, ein pris som Norges museumsforbund deler ut årleg til det museet som har merka seg positivt ut i det førre året.

Historie endre

 
Birkeland-Eyde lysbogeovn (brukt på Rjukan 1916-1940) på plassen foran museumsbygget.

Foreininga Norsk Teknisk Museum blei stifta i 1914, i samband med den store jubileumsutstillinga på Frogner i Oslo. Fleire av gjenstandene til museet kjem frå denne utstillingen, men dei måtte lagrast frem til 1932 då fløyene for Gokstad- og Tuneskipet i Vikingskipshuset på Bygdøy stod ferdig. Her fekk Norsk Teknisk Museum sitt første permanente tilhald i underetasjen til ein av sidefløyane. Museet flytta til nye lokale i Fyrstikkalleen på Etterstad i 1958. I 1986 flytta museet til sin noverande tilhaldssted på Kjelsås. Muset blei offisielt opna i si nye plassering av kulturminister Hallvard Bakke den 27. mai 1986.

Leiaren for stiftinga og seinare direktør for museet gjennom mange år, ingeniør Philip Pedersen, sikra seg mange unike gjenstander i samband med en stor loftsryddingsaksjon i Oslo i 1938. Seinare har museet fått eit stort tilfang av objekt ved gåver frå industriverksdemder, privatpersonar og institusjonar.

Dagens museum endre

Museumsbygningen på Kjelsås er på 20 000 km², og siden opninga har ein stadig større del av arealet blitt teke i bruk til faste og midlertidige utstillingar. I 2010 var det rundt 20 ulike delutstillingar fordelt på fire etasjar. Museet sine samlingar av gjenstandar, fotografi og arkivalia (mellom anna bedriftsarkiv) er tilgjengelig for publikum gjennom eigne utstillingar eller utlån til andre museum, musumsbiblioteket eller for forskarar og andre etter eigen avtale. Deler av fotosamlingane er også vist fram på nettstaden til museet. Dei viktigaste gjenstandane i samlingane er hovudsakleg i utstillingane. Ein stor del er magasinert i lagra til museet, og kan brukast i ulike skiftande utstillingar.

I 1995 fekk Norsk Teknisk Museum status som nasjonalmuseum, og finansieringa blei hovudsakleg overført frå Oslo kommune til Kulturdepartementet. Museet har over 200 000 vitjande årleg. Mange av desse er skuleklassar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre