Norsk elghund svart

Norsk elghund svart er ein moderne variant av norsk elghund grå. Han skal ha eit stridare gemytt og krevja ein meir erfaren leiar.

Norsk elghund svart

Opphav og alder endre

Svart elghund er avla for dei same formåla som den grå typen, men er mindre og langt yngre som rase. Han har sitt opphav frå 1800-talet.

Utsjånad, anatomi og fysikk endre

Svart elghund er ein typisk spisshund, med tett kort kropp, kvadratisk bygnad og god reisning. Full av kraft og stoltheit. Mørke trygge auge, opprettståande spisse øyre. Halen blir boren stramt opprulla over midtlina av ryggen. Tett og rikt, men ikkje strittande hårlag. Han er svært robust, hardfør og uthaldande, og toler både regn og kulde svært godt. Rasen har ei idealhøgde på 47 cm (+3/-4) for hannar og 44 cm (+3/-4) for tisper.

Bruksområde endre

Elghunden har vore bruka til nær sagt alle former for storviltjakt, men er fyrst og fremst avla for drivande halsande jakt på elg og bjørn. Han er dessutan ein svært god spor- og vakthund, og har gjennom mange hundreår vore den viktigaste gardshunden vår. Vikingane brukte han au som kamphund.

Lynne og veremåte endre

Svart elghund har gjerne eit stridare gemytt og kan vera meir eigenråding, og difor mindre egna som rein familiehund, til dømes ein grå elghund. Han likar å ha ein sterk leiar og treng kontinuerleg mosjon og hjernetrim for å trivast. Han er lett å dressere, men er fyrst og fremst ein god jakthund og turkamerat.

Anna endre

Rasen er rekna som svært eksotisk utanfor Norden.

Bakgrunnsstoff endre