Skilling, frå lågtysk eller gammalengelsk, truleg diminutiv av skold, er ei mynteining som vart innført i Noreg tidleg på 1500-talet under kong Hans I. Kongen prega skillingsmynt m.a. i Bergen, medan erkebiskopen prega skillingsmynt i Nidaros.

Skilling, Kong Hans (1483-1513), sølv. Advers til venstre. Revers til høgre

På 1500-talet gjekk det tolv penningar på ein skilling. Frå 1625 var skillingen den minste eininga i den norske myntrekkja.[1] Han vart utmynta i nominal frå 1/2 til 48 skilling. Frå 1635 gjekk det 96 slike skillingar på ein riksdalar.

Skilling vart gjerne forkorta med teiknet ß.

Riksbankskilling endre

Frå 1813 til 1816 gjekk det 96 riksbankskilling på ein riksbankdalar.

Skilling species endre

 
1 skilling, frå 1816. Kopar. Advers til venstre. Revers til høgre

Frå 1816 gjekk det 120 skilling species på ein spesidalar. Denne skillingen var i bruk i Noreg til han vart avløyst krone- og øremynt, formelt frå 1875 , då slik at 1 krone = 30 skilling.

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre