North Wessex Downs

51°10′19″N 1°49′30″W / 51.172°N 1.825°W / 51.172; -1.825

North Wessex Downs
verneområde
Dette er eit typisk landskap i North Wessex Downs nordvest i Hampshire
Land  England
Grevskap Berkshire, Hampshire, Oxfordshire, Wiltshire
Høgaste punkt
 - stad Walbury Hill
 - høgd 297 moh.
Map
North Wessex Downs
51°10′19″N 1°49′30″W / 51.172°N 1.825°W / 51.172; -1.825

North Wessex Downs Area of Outstanding Natural Beauty (AONB) ligg i grevskapa Berkshire, Hampshire, Oxfordshire og Wiltshire i England. Namnet North Wessex Downs er ikkje eit tradisjonelt namn, og området er betre kjend under dei overlappande lokale namna, som Berkshire Downs, White Horse Hills, Lambourn Downs, Marlborough Downs, Vale of Pewsey og Savernake Forest.

AONB dekkjer eit område på 1730 km2. Det har form som ein hesteskog og har opning mot aust, og ligg kring byen Newbury og nedslagsfeltet til River Kennet. Den nordlege armen går heilt aust til forstadane til Reading, sentralt i Berkshire, medan den sørlege armen når Basingstoke nord i Hampshire. Lengst vest når AONB Calne og Devizes. Dei høgaste punkta er 297 meter over havet ved toppen av Walbury Hill, sørvest for Hungerford i West Berkshire, nær grensa til Hampshire og Milk Hill-Tan Hill-ryggen aust for Devizes, sentralt i Wiltshire, på 295 meter over havet.

Sørvestsida av Walbury Hill

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre