Northern Cape er ein provins i Sør-Afrika. Hovudstaden er Kimberley, arealet er 372 889 km² og folketalet 1 355 946 i 2022. Provinsen vart danna i 1994 av den nordvestlege delen av den gamle Kapp-provinsen, og grensar til Namibia og Botswana i nord. Han er den største, men samstundes minst folkesette, av dei sørafrikanske provinsane. Om lag 35,7 % av folket er svarte afrikanarar, 51,6 % er «farga» («blandingsrase»), 12,4 % kvite og 0,3 % asiatar. 70 % av folket har afrikaans som morsmål, den høgste delen i nokon sørafrikansk provins. 20 % talar tswana og 6,5 % xhosa.

Northern Cape
Noord-Kaap
Mntla-Koloni
provins
Flagg
Land  Sør-Afrika
Hovudstad Kimberley
Areal 372 889,0 km²
Folketal 1 355 946 (2. februar 2022)
Grunnlagd 1994
Språk engelsk, afrikaans, xhosa, tswana
Kart
Northern Cape
30°S 22°E / 30°S 22°E / -30; 22
Wikimedia Commons: Northern Cape
Landskap i Northern Cape.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Northern Cape
  Denne geografiartikkelen som har med Sør-Afrika å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.