Norwegian Wood (This Bird Has Flown)

Norwegian Wood (This Bird Has Flown)
Song av The Beatles
frå albumet Rubber Soul
Utgjeve 3. desember 1965
Innspelt 12. og 21. oktober 1965,
EMI Studios, London
Sjanger
Lengd 2:05
Selskap Parlophone
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

I once had a girl,
Or should I say
She once had me.
She showed me her room,
Isn't it good?
Norwegian wood.

John Lennon

«Norwegian Wood (This Bird Has Flown)» er ein song av The Beatles som fyrst vart utgjeven på plata Rubber Soul frå 1965. John Lennon skreiv mesteparten av songen, men Paul McCartney medverka med mellompartiet. Songen er kjend som ein av dei første vestlege popsongane der eit indisk musikkinstrument, ein sitar, vert nytta. Songen er ein glad, akustisk ballade med Lennon på solovokal og ein typisk Beatles-harmoni i mellompariet.

Den eksotiske instrumenteringa og den skeive teksten var ein av dei første indikasjonen på ein meir eksperimentell tilnærming til musikken Beatles skulle gje ut seinare.

Austleg påverknad endre

Det var Harrison, som seinare vart sterkt påverka av transcendentalfilosofi og til slutt vart ein hindu, som valde å bruke sitar då Beatles spelte inn songen 12. og 21. oktober 1965.

Songen er skriven i E-dur.[3] Sjølv om temaet for melodien, dei første seks tonane, høyrest ut som dei er tekne rett frå den tredje satsen i symfonien Manfred av Tsjaikovskij, kjem dei eigentleg frå ein antarã (øvre oktav-variant) av ein kjend passasje i ein rāga i indisk musikk.

Tekst endre

Teksten omhandlar eit møte mellom songaren og ei ukjend jente. Dei drikk vin på rommet hennar og pratar i lag utover natta. Klokka 02 går jenta brått til seng («it's time for bed») og songaren må sove aleine på badet.

«Norwegian Wood» refererer til billig furu som ofte vart nytta som overflate på interiør i billige britiske arbeidarklasseheimar. I siste verset fortel songaren at han tenner eit bål, og antyder at han faktisk set fyr på leilegheita til jenta, som ein hemn for at ho ikkje ville ligge med han, noko som er stadfesta av McCartney sjølv.

Songen var visstnok inspirert av Lennon sine utanomekteskaplege forhold og ironisk nok skreiv han songen medan han var på ferie med kona, Cynthia, i St. Moritz i Sveits.[4]

Innverknad endre

«Norwegian Wood» har vorte spelt av mange andre artistar, som Waylon Jennings, Alanis Morissette, The Fiery Furnaces, Jan and Dean, Acker Bilk, Buddy Rich, Herbie Hancock, P. M. Dawn, Colin Hay, Victor Wooten, Mia Doi Todd, Milton Nascimento, Sérgio Mendes og Cornershop. Oddvar Torsheim har laga ein nynorsk versjon av songen, som han har kalla «Nynorskens skog». Ivar Medaas har og gjeve ut ein nynorsk versjon av songen, kalla «Norsk Material». Teksten til Ivar Medaas sin versjon er skriven av Johannes Gjerdåker.

Den japanske forfattaren Haruki Murakami skreiv ein roman kalla Norwegian Wood, som viser til songen.

Den norsk-amerikanske presidentkandidaten Walter Mondale vart kalla «Norwegian Wood» i valkampen i 1984.

Rolling Stone plasserte songen på 83. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Songen har gitt namn til den norske musikkfestivalen Norwegian Wood, som finn stad i Oslo. Den norske Beatles-fanklubben heiter òg Norwegian Wood.

Medverkande endre

  • John Lennon – solovokal, 6- & 12-strengars akustisk rytmegitar
  • Paul McCartney – harmonivokal og bass
  • George Harrison – sitar på doble spor
  • Ringo Starr – fingercymbal.

Kjelder endre

  1. Unterberger, Richie. «Great Moments in Folk Rock: Lists of Author Favorites». richieunterberger.com. Henta 26. januar 2011. 
  2. Williams 2002, s. 101.
  3. Alan W. Pollack. «Notes on «Norwegian Wood (This Bird Has Flown)»». Henta 12. oktober 2008. 
  4. Craig Cross The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record - iUniverse, Inc 2005 ISBN 0595346634

Bakgrunnsstoff endre