Nostalgi er eit omgrep av gresk opphav, sett saman av nostos (heim) og algos (smerte/lengt), som først tydde sjukleg heimlengt. Etter kvart glei tydinga av ordet over i å bli ein lengt til ei tidlegare tid, til dømes barndommen.

Det var den sveitsiske legen Jean-Jacques Harder som opphavleg kom på ordet, i 1678 (eller Johannes Hofer i 1688) for å visa til «smerten eit sjukt menneske føler fordi han ikkje er i heimlandet sitt, eller frykter å aldri då sjå det igjen». Det nye omgrepet spreidde seg raskt. Nostalgi blei ein medisinsk diagnose, særleg vanleg blant soldatar, og ein av måtane å helbreda dei frå denne sjuka var å senda dei heim.

Etter kvart blei den opphavlege meininga av ordet borte. Immanuel Kant var den første som hevda at nostalgien var ein etter eit heller enn eit der. Det er med denne tidsoritenterte tydinga ordet som oftast blir brukt i dag. «Nostalgi» blir brukt om å lengta etter ein særskilt tidsalder eller eller dyrka ting frå denne tida, som musikk, motar, bilar, og så bortetter.

Sjå òg endre

  • Ostalgi, ausstysk lengt etter kommunisttida
      Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.