Ein notatblokk-PC, kalla «tablet PC» på engelsk, er ein pc der ein kan skrive rett på skjermen. Dei er som regel ein intel i386 arkitektur-PC i ymse format. PC-en har ein pennbasert inneining frå Wacom som dekker skjermflata, tastaturet kan ein enten legge bak skjermen (konverterbar notatblokk-PC), fjerna, eller er ikkje-eksisterande (virtuelt). Desse to siste er fullverdige notatblokk-PC-ar)

Microsoft Tablet PC endre

Microsoft er initiativtakar til notatblokk-PC-ane, dei har utvikla eit operativsystem Windows XP TabletPC edition som inkluderer skriftgjenkjenning. Det har ikkje vore den suksessen dei opphavleg håpte på, men stoda kan endre seg. Tablet PC var det teknologiske termet som var mest søkt på i 2004google. Ein norsk versjon på nynorsk eller bokmål er ikkje tilgjengeleg per dags dato.

Linux Notatblokk-PC endre

Situasjonen på Linux er litt mørkare, ein kommersiell versjon frå Lycoris er laga, men denne er ikkje særleg utbreidd. Drivarar for wacomskjermar er tilgjengelege, og det største problemet for etterinstallasjon på ein notatblokk PC er gjennkjenning av handskrift (delvis dekt av xstroke).