Novaja Ladoga

by i Russland

Novaja Ladoga (russisk Но́вая Ла́дога) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 10 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 140 km aust for Sankt Petersburg, der elva Volkhov munnar ut i Ladoga.

Novaja Ladoga
Новая Ладога
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Novaja Ladoga is located in Russland
Novaja Ladoga is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Bystatus 1704
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

9 521
Koordinatar 60°06′N 32°18′E / 60.100°N 32.300°E / 60.100; 32.300
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 81363
Novaja Ladoga i 1911. Foto av Sergej Prokudin-Gorskij

St. Nikolas-klosteret stod frå 1400-talet på staden der byen i dag ligg, men den nærliggande busetnaden (sloboda) vart lenge overskugga av den første russiske hovudstaden, Staraja Ladoga, som låg berre nokre få kilometer lengre opp i Volkhov-elva. I 1704 bygde Peter den store festningsverk ved klosteret og gav ordre om at folkesetnaden i Staraja Ladoga skulle flyttast til landsbyen ved klosteret. Den nygrunnlagde byen voks i samband med bygginga av Ladogakanalen og Volga-Austersjø-kanalen på 1700- og 1800-talet.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.