Novgorod

by i Russland
Sjå òg Nizjnij Novgorod

Novgorod eller Velikij Novgorod (russisk: Великий Новгород, «Mektige Novgorod», der velikij tyder «mektig» og novgorod tyder «ny by», er ein by i Russland. Byen er av dei eldste og viktigaste byane i Russland. Byen vart av vikingane kalla for Holmgard (norrønt). Novgorod ligg langs den historiske ferdavegen mellom Moskva og St. Petersburg (180 km søraust for St. Petersburg), ved elva Volkhov. Elva renn ut frå innsjøen Ilmen. Byen er administrativt senter for Novgorod oblast og har 215 000 innbyggjarar (2007). Klimaet er høvesvis tørt, med ein gjennomsnittleg temperatur om sommaren på +25 °C og om vinteren på -10 °C.

Novgorod
Великий Новгород
Flagget til Novgorod Byåpenet til Novgorod
Flagget til Novgorod Byvåpenet til Novgorod


Plassering
Novgorod is located in Russland
Novgorod is located in Novgorod oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Novgorod oblast
Grunnlagd 859
Borgarmeister Aleksandr Rozbaum
Geografi
Flatevidd
 - By

90 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

216 700
  2 407,8 /km²
Koordinatar 58°31′0″N 31°17′0″E / 58.51667°N 31.28333°E / 58.51667; 31.28333
Høgd over havet 25 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 173000–173025
Retningsnummer (tlf) (+7)8162
Nettstad: www.adm.nov.ru/

Dei historiske monumenta i Novgorod og omland vart sett på UNESCO si verdsarvliste i 1992.

Historie endre

Starten på Rurikdynastiet endre

Novgorod er den eldste slaviske byen som ein kjenner til i Russland. Byen er først nemnd i 859, og då var han alt ein viktig stasjon på væringane (skandinavane) si handelsrute mellom Baltikum og Austromarriket. I følgje norrøn mytologi skal Holmgard ha eksistert langt tidlegare, men det er vanskeleg å skilje myter frå historiske fakta. Seinare vert Holmgard berre som ei festning inne i byen Rjurikovo Gorodisjtsje, kalla opp etter den norrøne herskaren Rurik (ca. 830-879), som vart invitert til byen for å skape ro og orden og som gjorde han til sin hovudstad. Arkeologiske funn tyder på at Gorodisjtsje, som var residens for knjazen (fyrsten), kan daterast til midt på 800-talet, medan sjølve byen er datert til slutten av hundreåret. På midten av 900-talet var Novgorod ein fullt utvikla mellomalderby og eit politisk sentrum. Rurikdynastiet skulle regjere over Russland i meir enn 750 år.

 
Tusenårsminnesmerket for Russland, forma som ei kyrkjeklokke i bronse (1862).

Kievriket endre

I 882 inntok etterfølgjaren til Rurik, Oleg av Novgorod (Helge), Kiev og grunnla Kievriket. Han valde Kiev til hovudstad, noko som gjorde Novgorod til den nest viktigaste byen i riket, men han heldt på stillinga si som sentrum for utanlandshandel. I følgje tradisjonen vart den eldste sonen og arvingen til den regjerande fyrsten i Kiev sendt til Novgorod som barn. I norrøn mytologi vart byen nemnd som hovudstad i Gardarike. Fire norske kongar – Olav Tryggvason, Olav den heilage, Magnus Olavsson og Harald Hardråde – søkte tilflukt i Novgorod frå fiendar i heimlandet. Tidleg på 900-talet sendte Novgorod felttog mot Konstantinopel (norrønt Miklagard) for å sikre handelen med Austromarriket. Dette resulterte i ei integrering av austslaviske stammer i det russiske Kievriket.

Av alle fyrstane sine sette novgorodarane minnet om Jaroslav den vise (ca. 978-1054) høgast. Han gav ut dei første skrivne lovene (seinare inkludert i Russkaja pravda) og finansierte bygginga av den mektige St. Sofia-katedralen (1045), som framleis står. Som takk for hjelpa til å sigre over sin eldre bror og halde trona, tildelte Jaroslav byen Novgorod fleire privilegia. Til gjengjeld kalla novgorodarane opp torget i byen etter Jaroslav. Innføringa av kristendommen på slutten av 900-talet gjorde Novgorod til eit mektig kyrkjesenter. Biskopane i Novgorod strevde for å spreie og marknadsføre den ortodokse trua og dette bar frukter på midten av 1100-talet, då embetet vart oppjustert til erkebiskop og dermed vart bispesetet i Novgorod det mektigaste i den russisk-ortodokse kyrkja.

Sideblikk: Holmgard og Noreg endre

 
Heilag-Olav og Rurik.
Teikning: Peter Nicolai Arbo

Novgorod (Holmgard) spelar òg interessante biroller i norsk historie. Éin ting er at kong Olav Tryggvason var her i delar av barndommen sin, hos den heidenske fyrst Vladimir. Men langt viktigare er helgenkongen Olav den heilage sitt opphald her.

Da kong Knut den mektige drog til Noreg for å feste grepet over landet, måtte Olav flykte unna. Etter ei kort tid i Sverige slo han seg ned i Holmgard i Gardarike, der han vart vel mottatt av storfyrst Jaroslav og fyrstinna hans Ingegerd av Sverige, som Olav i si tid skulle hatt til ekte.

Snorre formidlar i kongesogene sine i Heimskringla at Olav gjennomgikk ei djup andeleg utvikling i Gardarike. Her fekk han mellom anna tilbod av fyrst Jaroslav om å styre over dei heidenske bulgararane. Flokken av menn som hadde følgd han frå Noreg råda han frå det. Det vert fortalt frå opphaldet i Holmgard at medan Olav sat og tenkte, kom han i vanvare til å bryte den kristne helgedagsfreden ved å spikke på eit trestykke på ein søndag. Ein av kongen sine menn såg kva kongen heldt på med og sa nennsamt: «Det er måndag i morgon, herre.» Det var frå Novgorod at Olav i 1030 braut opp for å gjenerobre Noreg og styrke den spede og vaklande kristendom der. Vegen førte til Stiklestad, der han fall den 29. juli.

 
Kreml i Novgorod.

Republikken Novgorod endre

For meir om dette emnet, sjå Republikken Novgorod.

I 1136 lausreiv novgorodske handelsmenn og bojarar seg frå Kiev, forviste fyrsten sin og utropte Republikken Novgorod. Ikkje lenge etter okkuperte tartarane mesteparten av Russland. Novgorod var den einaste byen som slapp unna tartarane, dei kom seg ikkje fram dit fordi byen var omgjeve av myr og sump.

Den mektige bystaten kontrollerte mesteparten av det nordaustlege Europa, frå dagens Finland og Estland til Uralfjella. Den viktigaste personen i Novgorod var då posadniken, ein slags «borgarmeister», offentleg vald frå aristokratiet i byen av ei samling kalla veche. Novgorod-retten vart formelt leia av prinsen (som òg vart vald av veche-samlinga), men avgjerslene hans måtte stadfestast av posadniken for å verte gjeldande. På 1200-talet vart Novgorod ein del av Hansaen og vart ein av dei fire viktigaste handelsbyane i Europa saman med Bergen, Brugge og London. Tyske handelsmenn danna ein koloni i Novgorod. Dei kalla byen for Naugard. Eksportartiklane var hovudsakleg pels, skinn, voks, honning, lin og tjøre. Stoff og metall vart importert frå Europa og korn frå Sentral-Russland. Transitthandelen med Sentral-Asia nådde òg eit stort volum.

Igjennom mellomalderen hadde Novgorod god framgang, byen vart eit av dei viktigaste handels- og kultursentera i Europa. Flesteparten av innbyggjarane var lese- og skrivekunnige og dei nytta ark av bjørkenever for skriftleg kommunikasjon. Alt på 1000-talet fekk byen sin første skule og Novgorod vart ein av hovudbyane i Russland når det gjaldt litteratur og bokproduksjon. Nokre av dei eldste russiske dokumenta vart skrive i Novgorod. Medan Paris og London vassa i gjørme, vart Novgorod kjend hos utlendingar for sine brulagde vegar og reine gater. Handelsmannen Sadko frå Novgorod vart òg ein populær helt i russisk folklore.

På 1200-talet var Novgorod hardt pressa av danskane i allianse med krossfararordenane Den tyske riddarordenen og Sverdbroderordenen. Leia av biskop Hermann von Buxhoeven av Dorpat gjekk dei frå Estland til åtak mot Novgorod, men den om lag 2000 mann store styrken vart slått tilbake av om lag 6000 russarar under Aleksander Nevskij av Novgorod ved slaget på den islagte Peipus den 4. april 1242. Slaget har seinare inngått i russisk og sovjetisk patriotisk propaganda på 1930-talet sidan det var den siste gongen på mange hundre år at tyskarar hadde gått til åtak på Russland. Slaget vart skildra i Sergeij Eisenstein-filmen Aleksander Nevskij, men i filmen enda slaget feilaktig med at isen brast under krossfararane.

Novgorod var på høgda på 1300-talet, då hadde folketalet vokse til rundt 400 000. Den storslegne byen frå denne perioden, med hundrevis av praktfulle kyrkjer, handelshus, lager og marknadsplassar, har vore eit rikt grunnlag for russisk kunst og folklore. Arkitekturen i Novgorod, retning i ikon-måling, dekor og gullsmedkunst er kjent over heile verda. Men hundreåret var òg starten på nedgangstidene med mellom anna kamp mot makta i Moskva.

 
Ivan III (1440–1505).

Innlemming i Storhertugdømet Moskva endre

Den kraftige auken i folketalet i Novgorod førte til at det etterkvart vart vanskeleg å brødfø så mange innbyggjarar. Interne stridar hos leiarane av republikken svekka òg suvereniteten til bystaten. Byen var avhengig av Vladimir-Suzdal-regionen for korn. Dei store byane i området, Moskva og Tver, nytta dette for å få kontroll over Novgorod. Storfyrstadømet Moskva hadde på denne tida samla mange byar og område i Russland og var vorte eit mektig rike. I 1478 annekterte Ivan III Novgorod inn i Moskvastaten. Novgorod vart den tredje største byen i Russland fram til Ivan den skrekkelege plyndra byen og drap fleire tusen av innbyggjarane i 1570. Men Novgorod heldt den kommersielle posisjonen fram til St. Petersburg vart grunnlagd i 1703. Mellom 1611 og 1617 var Novgorod okkupert av Sverige, men Russland greidde til slutt å ta byen tilbake. I 1727 vart byen hovudstad for regjeringa i Novgorod.

 
Novgorod på 1800-talet. Frå Rambaud sitt Russland, band 1 (1898).

Andre verdskrigen endre

Novgorod hadde slått tilbake åtaka frå Den tyske riddarordenen og Sverdbroderordenen og svenske åtak, og unngjekk øydeleggingar under den mongolske invasjonen. Men under den andre verdskrigen hamna Novgorod i frontlinja og vart okkupert av nazistiske styrkar den 15. august 1941. Dei historiske minnesmerka vart systematisk øydelagde. Då den raude armeen frigjorde byen 20. januar 1944 stod berre 40 av dei opphavlege 2536 steinbygningane igjen. Store mengder kunst- og kyrkjeskattar var òg «ført i tryggleik» til Tyskland. Amerikanarane sendte det dei fann og kunne identifisere tilbake frå det okkuperte Tyskland i slutten av 1940-åra, men mykje er ikkje kome til rette.

I tillegg til dei store menneskelege og materielle tapa medførte den tyske okkupasjonen av Novgorod ein meir akademisk skade. Den stortyske propaganda la ikkje overraskande stor vekt på at ikkje berre Novgorod, men òg Russland, hadde skandinaviske røter. Og da Novgorod var inntatt, hadde den tyske filmavisa «Wochenschau» skrytt: «Novgorod, den gamle tyske hansastaden Naugard, Austen sitt svar på Nürnberg, er på våre hender».

Etter krigen vart det vanskelege tider for dei russiske historikarane som i forskinga si var kome til at svenske vikingar hadde spelt ei viktig rolle i historia til byen og landet. Ein av dei som fekk føle det, var historikaren Lev Klejn. Han analyserte motviljen slik: «Det dreier seg om den nasjonale ærekjensla. For mange russarar var det ein forkasteleg påstand at den russiske staten på noko tidspunkt skulle ha vorte mogleggjort av framande folkeslag. Vikingane var jo skandinaviske germanarar, dei var nordgermanarar og derfor var det ein utåleleg tanke». Så seint som i 1979 vart «normannisten» Lev Klejn dømd til tre års fangeleir, på papiret på grunn av homoseksualitet, i realiteten av først nemnte årsak.

Etter krigen vart sentrum i byen gradvis restaurert. Dei viktigaste monumenta vart verna av UNESCO i 1992. I 1998 vart byen offisielt omdøypt til Velikij Novgorod og fekk dermed tilbake mellomaldernamnet Mektige Novgorod.

Attraksjonar endre

Ingen andre russiske eller ukrainske byar kan konkurrere med Novgorod om variasjonen og alderen på mellomaldermonument. Novgorod har, som mange russiske byar, sitt eige Kreml (festningsverk). Her finst den vakre Sofiakatedralen og tusenårsminnesmerket for Russland, forma som ei kyrkjeklokke (motivet finn ein igjen på 5-rubelsetelen).

Sofiakatedralen endre

 
Sofiakatedralen (1045).

Den fremste av mellomaldermonumenta er Sofiakatedralen [Софийский Собор) som vart bygd mellom 1041 og 1050 av Vladimir av Novgorod, etter ein ide av faren Jaroslav den vise. Kyrkja skulle vere eit uttrykk for takksemda til Jaroslav for støtta Novgorod gav han i kampen mot Kiev. Dette er den best bevarte kyrkja frå 1000-talet, og den første som viser dei opphavlege karaktertrekka av russisk arkitektur, med strenge steinmurar og fem hjelmliknande kuplar. Dette er ei vidareføring av sentralkyrkja med kuplar i austromersk arkitektur. Freskane i kyrkja vart måla på 1100-talet og vart renovert i 1860-åra. Ikonografien er bysantinsk, med mellom anna bilete av Konstantin den store og mor hans, keisarinne Helena. Dei kjende bronseportane i katedralen er laga i Magdeburg i 1156 og skal visstnok vere stolen av novgorodarane frå den dåverande svenske hovudstaden Sigtuna i 1178.

Frå 1100- til 1400-talet var Sofia-katedralen det seremonielle og andelege sentrum for republikken Novgorod.

Namnet Sofia er gresk og tyder 'visdom', som er ei av de sju kristne hovuddygdene. Initiativtakaren til kyrkja hadde alt under byggeperioden tilnamnet den vise. Men namnevalet bør ein hovudsakleg sjå i lys av at dei russiske kristne skjelte til den austlege kristendommen si kjende hovudkyrkje i Konstantinopel, Hagia Sofia, der tileigninga «visdom» var ein allegorisk «mellomstasjon»: Den heilage Visdom (he hagia sophia) er å forstå som Kristus, som er Guds inkarnerte Ord. Slik er kyrkja å forstå som ei slags Kristkyrkje.

Kreml endre

 
Novgorods Kreml (1400-talet).

Kreml i Novgorod er det eldste i Russland. Festninga er nemnd så tidleg som i 1044 og dagens murar og tårn er frå 1400-talet. Tradisjonelt er festninga kjent som «Detinets» og her skjedde det viktigaste i samfunn i Novgorod; festninga husa utanlandske ambassadar, her vart militære styrkar samla før dei drog ut i kamp og her føregjekk veche-møta.

Kreml inneheld òg det eldste palasset i Russland, det såkalla Fasettkammeret (erkebispegarden), som vart bygt i gotisk stil av tyske meistrar i 1433. Her finn ein òg det eldste russiske klokketårnet (frå 1493) med eit sett av klokker frå mellom 1500- og 1700-talet. Det eldste russiske klokketårnet frå 1673 står òg her. Av nyare konstruksjonar er det mest merkverdige det kongelege palasset (frå 1771) og bronseminnesmerket for det russiske tusenårsjubileet (frå 1862).

Tusenårsminnesmerket endre

 
Tusenårsminnesmerket (1862).

Minnesmerket er utforma av Mikhail Mikesjin og vart avduka 8. september 1862. Motivet er ei klokke i bronse med ei høgd på 15,7 m og ei vekt i bronse på 65,5 tonn. Monumentet udøydeleggjer dei viktigaste personane frå russisk historie. Den knelande figuren på toppen personifiserer Russland. Under toppen, rundt klokken, står seks grupper av figurer som symboliserer kvar sin tidsepoke av russisk historie fram til byrjinga av 1700-talet. Relieffrisa under viser militære heltar, statsmenn, vitskapsmenn, diktarar, forfattarar og kunstnarar - til saman 109 figurar.

 
Frelsartårnet, porthus i Kreml.

Andre kyrkjer i Novgorod endre

I alt finst det 39 kyrkjer og katedralar i byen. Ein må i denne samanhengen ikkje tenke på det vestlege katedralomgrepet, som ei domkyrkje for ein biskop.

Utanfor festningsmurane står det tre katedralar som vart reiste under Mstislav den store, den siste monarken av det sameinte Russland. St. Nikolaskatedralen (1113-23), inneheld freskar av Mstislav sin familie. Jurievklosteret (truleg det eldste klosteret i Russland) inneheld ein romansk katedral frå 1119. Ein liknande katedral med tre tårn (1117) som står i Antonievklosteret, er truleg sett opp av dei same byggmeistrane.

Det er mange gamle kyrkjer spreidd over heile byen, nokre av dei av vart sprengt av nazistane og er seinare restaurert. Døme på dei eldste er kyrkje som er tileigna St. Peter og Paulus (1185-92), Maria Bebodelseskyrkja i Mjatsjino (1179), Maria Himmelfartskyrkja på Volotovo (1180-åra - øydelagd av tyske Wehrmacht under andre verdskrigen, og gjenoppbygginga finansiert for det meste frå Tyskland, var ferdig i 2002) og St. Paraskevakyrkja (1207). Det største meisterverket frå tidleg novgorodsk arkitektur finn ein i Vår Frelser-kyrkja ved Nereditsa (1198).

1200-talet var bygt mange mindre kyrkjer, St. Nikolaskyrkja (1292) er av denne typen. Denne kyrkja er òg kjent for freskane sine frå 1300-talet. På 1300-talet vart det utvikla to nye kyrkjeformer, St. Theodor-kyrkja (1360-61) med sine flotte freskar frå 1380-åra representerer den eine og Frelsarkyrkja (1374) i Iljina-gata den andre.

Under dei siste hundreåra av republikken vart eit par nye gudshus innvigd til St. Peter og Paulus (Slavna 1367 og Kozhevniki 1406), til Kristi fødsel (1387), til Apostelen Johannes (1384), til Dei heilage apostlane (1455), til St. Demetrius (1467), til St. Simeon (1462) og til andre helgenar. Ingen av desse kyrkjene er så nytenkjande i forma som kyrkje frå den førre epoken. Fleire skrin frå 1100-talet vart tekne frå kvarande bit for bit og så sett saman igjen akkurat som dei var.

Erobringa til Ivan III av Novgorod i 1478 endra avgjort karaktertrekka til den lokale arkitekturen. Større oppdrag vart etterpå utført av byggmeistrar frå Moskva og hadde mønster etter katedralane frå Kreml i Moskva, som til dømes Frelserkatedralen i Khutjnklosteret (1515) og Nikolaskatedralen i Vjastsjizhjklosteret (1685). Men likevel vart nokre provinskyrkjer bygt i følgje lokale tradisjonar, som St. Boris og Gleb-kyrkja (1586).

 
Ei av kyrkjene på friluftsmuseet.

Friluftsmuseet endre

I landsbyen Vitoslavlitsj, på vegen mellom Novgorod og Jurievklosteret, er det oppretta eit friluftsmuseum med trekunst. Mange trekyrkjer, hus og møller, nokre heilt tilbake frå 1300-talet, er blitt ført hit frå heile Novgorodregionen.

Venskapsbyar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre