Novyj Urengoj (russisk skrift Но́вый Уренго́й) er ein by i det autonome området Jamalo-Nenetsk i Russland med om lag 115 000 innbyggjarar (2007). Byen ligg rundt 450 km aust for Salekhard. I folketeljinga i 2002 hadde han 94 456 og den store auken fram til 2007 skuldast at to nærliggande busetjingar vart slått saman med Novyj Urengoj i 2004.

Novyj Urengoj
Новый Уренгой
Ein plass i byen
Ein plass i byen
Ein plass i byen
Flagget til Novyj Urengoj Byåpenet til Novyj Urengoj
Flagget til Novyj Urengoj Byvåpenet til Novyj Urengoj


Plassering
Novyj Urengoj is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Jamalo-Nenetsk
Grunnlagd
Bystatus
1973
1980
Borgarmeister Ivan Kostogris
Geografi
Flatevidd
 - By

222 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

117 000
  527 /km²
Koordinatar 66°05′00″N 76°41′00″E / 66.08333°N 76.68333°E / 66.08333; 76.68333
Høgd over havet 40 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 629300–629329
Retningsnummer (tlf) (+7)3494
Nettstad: www.nevurengoy.ru

Den største verksemda i byen er utvinning av olje og gass, med eit av dei største gassfelta i verda i området og gode utsikter til framtidige funn. Gassproduksjonen i området vert drive i regi av det statlege russiske gasselskapet Gazprom.

Byen er endepunkt for jernbanen Tjumen-Novyj Urengoj. Novyj Urengoj lufthamn ligg 4 km sørvest for byen.

Bakgrunnsstoff endre