Nugatti er eit sjokoladepålegg laga av nougat og sjokolade. Det inneheld hovudsakleg kakao, mjølk, hasselnøtter,[1] sukker og solsikkeolje.[2]

Nugatti Air (nærbilete).

Nugatti er produsert av Stabburet, ein del av Orkla Foods.[3] Pålegget blei lansert i 1969 av Sunda AS,[2] og er dermed noko yngre enn storebroren Sjokade. Det blir selt rundt 7 millionar boksar av Nugatti i Noreg kvart år.[2]

Pålegget har alltid vore å få på plastbeger, men blir nå også seld i tuber. I tillegg til Nugatti Original er det òg introdusert variantar som Air, Max, Søtt Salt og Sprøtt, Nugatti Uten og Salt Karamell.[2]

Fram til 2012 inneheldt produktet palmeolje, men dette året blei olja erstatta med solsikkeolje som eit meir miljøvennleg alternativ. Kakaoen ein bruker i Nugatti er UTZ-sertifisert, det vil seia at produksjonen følgjer visse standardar for menneske og miljø.[2]

Kjelder endre

  1. «Nugatti 500g», matlevering.coop.nohttps (på norsk bokmål), henta 22. august 2021 [daud lenkje]
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Nugatti», Orkla.no (på norsk bokmål), henta 22. august 2021 
  3. «Nugatti». Orkla Foods Norge (på norsk). Arkivert frå originalen 13. april 2013. Henta 13. september 2014.