Nullpunktsenergi er den lågast mogelege energien som eit kvantemekanisk fysisk system kan ha, og er energien til grunntilstanden i systemet. Dette omgrepet vart først lagt fram av Albert Einstein og Otto Stern i 1913. Uttrykket nullpunktsenergi er ei omsetjing av det tyske Nullpunktsenergie. Alle kvantemekaniske system har ein nullpunktsenergi. Uttrykket vert ofte nemnt i samband med grunntilstanden til kvanteharmoniske oscillatorar og nullsvinginga til desse. I kvantefeltteori er det eit synonym for vakuumenergi, energimengda som er assosiert med vakuumet i det tomme rommet. I fysisk kosmologi er vakuumenergien opphavet til den kosmologiske konstanten. Eksperimentelt fører nullpunktsenergien til vakuum direkte til casimireffekten.

Sidan nullpunktsenergien er den lågaste energien som eit system kan ha, kan ikkje denne energien fjernast frå systemet. Eit uttrykk som er knytt opp til dette er nullpunktsfelt, som er det lågaste energinivået til eit fysisk felt, til dømes grunntilstanden, som er ulik null.[1]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. John Gribbin (1998). Q is for Quantum - An Encyclopedia of Particle Physics. Touchstone Books. ISBN 0-684-86315-4.