Nunatak

isolert fjelltopp som stikk opp over overflata på ein isbre

Ein nunatak (grønlandsk nunataq) er eit fjell eller ein fjellrygg som stikk opp eller har stukke opp gjennom ein isbre.[1] Omgrepet er vanleg i område med permanent isdekke der slike nunatakar stikk opp.[2]

Ein nunatak stikk opp over isen. Her ser me Drakryggen i Lappland.
Nunatakar på austkysten av Grønland.

Nunatak er eit inuittisk ord som har vore brukt i europeiske språk sidan 1880-åra. Ein nunatak blir ikkje dekt av is fordi fjellet blir blåse bert for snø. Rundt fjelltoppen kan derimot isen vera fleire hundre meter tjukk. Nunataktoppar er som regel bratte og spisse på form. Dette gjer at is og snø ikkje får feste, men dei held seg òg slik fordi isen ikkje er der til å gnura dei ned.

Nunatakar utgjer lett identifiserbare landemarke på isbrear og store isdekke, og er ofte gjevne namn. Medan nokre nunatakar er isolerte toppar, kan dei også danna tette grupper, som i Dronning Louise Land på Grønland.[3] I Noreg har Jostedalsbreen fleire nunatakar, med Lodalskåpa som den høgaste og best kjende.[1]

Nokre gonger kan nunatakar vera den einaste staden planteliv kan overleva på eit isdekke. Organismane på nunatakar er ofte isolerte av det kringliggjande isdekket, og dannar dermed særmerkte leveområde.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «nunatak». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 25. mai 2021. 
  2. J. J. Zeeberg, Climate and Glacial History of the Novaya Zemlya Archipelago, Russian Arctic. pp. 82–84
  3. «Dronning Louise Land». Mapcarta. Henta 2 July 2016. 
  4. ice cap – National Geographic Society