Nuria Fernández Domínguez (fødd 16. august 1976) er ein spansk tidlegare mellom- og langdistanseløpar, fødd i Luzern i Sveits. Ho vart europameister på 1500 meter i 2010. I 2012 fekk ho femte beste tid på same distansen under EM i Helsinki, prestasjonen til alle dei fire fremste i løpet har sidan vorte annullert.

Nuria Fernández


Statsborgarskap Spania
Fødd 16. august 1976 (47 år)
Luzern
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Fernández nådde ikkje toppen på spesialdistansen 1500 meter før ho kom oppi 30-åra. Under verdsmeisterskapen 2009 i Berlin enda ho på fjerdeplassen, vel sju tidels sekund unna bronsen. Ved europameisterskapen 2010 på spansk heimebane i Barcelona spurta ho i mål på personleg rekord 4.00,2 og vann gullmedaljen. I den neste europameisterskapen, i Helsinki i juni 2012, passerte ho målstreken som nummer fem. Perioden 2013 til -16 vart løpa til dei fire framom henne på resultatlista annullert, med ulike grunngjevingar.

Fernández deltok i Zürich-EM 2014 på 5 000 meter og vart nummer fem på ei ordinær sluttid. To månader før ho fylte 40 år sette ho personleg rekord på 5 000 m med 15.24,1 ved eit stemne i Huelva.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre