Eit nyttårsforsett eller eit nyårsforsett er ein lovnad ein gjer til seg sjølv ved nyttår som går ut på å byrja eit nytt og betre liv.

Å stumpa røyken er eit vanleg nyttårsforsett som ofte blir brote.

Det kan vera å slutta med ein uvane, leggja seg til ein god vane, eller ta til med eit nytt prosjekt. Å slutta å røyka, gå ned i vekt eller byrja å trena er typiske slike lovnader. Andre lovnader kan gå ut på å leva meir miljøvennleg eller å gje pengar til gode føremål.

Nyttårsforsett blir typisk laga før nyttårsaftan og trer i kraft ved midnatt 1. januar. Som regel er planen at ein skal halda dei på ubestemt tid framover. Svært ofte vil dei gode forsetta visna etter kvart.

Å laga til og halda nyttårsforsett kan minna om kristen oppførsel under fastetida, der mange truande gjev opp eit gode i perioden tida varar. Skilnaden er at fastetida er fastsett til førti dagar, og at målet med denne tida er å ofra noko til Gud, ikkje nødvendigvis å prøva å forbetra seg sjølve.