Nyzealandbeltelo

fugleart
Nyzealandbeltelo
Nyzealandbeltelo, hannfugl i hekkedrakt, foto frå Tasmania Foto: JJ Harrison
Nyzealandbeltelo, hannfugl i hekkedrakt, foto frå Tasmania
Foto: JJ Harrison
Status
Status i verda: NT Nær truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Slekt: Anarhynchus
Art: Nyzealandbeltelo A. bicinctus
Vitskapleg namn
Anarhynchus bicinctus

Nyzealandbeltelo, Charadrius bicinctus, er ein liten vadefugl og mellomstor medlem av lofamilien, Charadriidae, med hekkeområde avgrensa til New Zealand. Storparten av populasjonen er flyttfuglar som overvintrar i Australia. Utsjånaden har likskap med dei andre medlemmene av den biologiske slekta Charadrius, inkludert sandlo i Eurasia, men nyzealandbelteloa har mange variantar av fjørdrakta avhengig av tida på året, kjønn og alder.

Skildring endre

Nyzealandbelteloa er med lengd på 20 centimeter og 60 gram i vekt litt større enn til dømes sandlo. Felles for alle variantar av fjørdrakta er kvit underside av kropp og venger, kvit strupe, gråbrun farge på overside og hovud. Nebbet er kort i grå farge, auga svarte og beina er svakt gulgrøne. I hekkedrakt får hannfuglar eit mørkt, tydeleg teikna belte tvers over brystet og litt lengre ned på brystet eit andre, breiare, raudbrunt band. Ein hannfugl i hekkedrakt har dessutan ein kvit flekk i panna med et tynnt svart band over flekken på framhovudet. Han har òg ei smal svart stripe på undersida av auga. Hoa i hekkedrakt liknar, men banda på strupe og bryst er bleikare, markeringane på hovudet er utydelege med gulbrun flekk i panna. Når nyzealandbelteloa ikkje har hekkedrakt er kjønna like, men varierande. Det meste av markeringar i drakta er borte, men litt av øvste brystbandet kan stå att. Unge, flygedyktige fuglar har ei drakt som liknar ikkje-hekkedrakta, men her er heile hovudet, strupen og øvre halsen farga utydleg lysbrun til brun.

Ein finn nyzealandbelteloa på begge hovudøyane og på mindre øyar som Stewart Island/Rakiura, Chathamøyane og Aucklandøyane. Dei mest brukte hekkeområda ligg høgt i innlandet, sentralt på Sørøya; i Canterbury og i Mackenzie-bassenget hekkar dei langs elvebreidder som til dømes Rakaiaelva, og på strender langs innsjøar. Andre delar av populasjonen hekkar langs kysten. I hovudregel er det fuglane som hekkar i innlandet som er flyttfuglar. Utanom hekketida er føretrekte habitata til denne fuglearten strender, mudderbankar eller estuar, og av og til grasmark. Dei beitar i flokkar.

Nyzealandbelteloer beitar på eit stort utval av virvellause dyr, både artar på land og vasslevande artar. Dei kan supplere med bær. Som andre loer nyttar dei ein kjapp springe-og-pause teknikk når dei plukkar bytte på sandstrender.

Denne arten vernar eit territorium i hekketida og hekkar parvis. Reira er enkle, berre nokre steinar, skjel eller anna samla med ei senking i midten der hoa vanlegvis legg 3 egg. Dei fleste fuglane blir hekkefuglar i første leveåret og det eldste kjente individet av nyzealandbeltelo blei over 10 år.

Arten har status som verna utan å vere trua, og bestanden er estimert til ca. 50 000 individ (2005), dei fleste på Sørøya.

Kjelder endre

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nyzealandbeltelo