Odd Eriksen

norsk politikar

Odd Eriksen (fødd 11. mars 1955 i Sandnessjøen, død 11. februar 2023)[1] var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart den 17. oktober 2005 utnemnd til statsråd for Nærings- og handelsdepartementet i regjeringa Stoltenberg II. Den 29. september 2006 vart det kunngjort at han gjekk av som statsråd. Dag Terje Andersen tok over, og Eriksen vart fylkesrådsleiar i Nordland fylke i desember same år.

Odd Eriksen

Fødd11. mars 1955
Sandnessjøen
Død11. februar 2023 (67 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
VervFylkesråd i Nordland 2006–2013
VervNorsk nærings- og handelsminister 17. oktober 2005–29. september 2006
FøregangarBørge Brende
EtterfylgjarDag Terje Andersen
VervStortingsrepresentant 1993–2001
Alle verv

Karriere endre

Eriksen budde lenge i Dønna. Han starta arbeidskarrieren sin i elektrolysen ved Elkem Aluminium i Mosjøen. I åra mellom 1986 og 1990 var han fagforeiningsleiar i MKAF (Mosjøen kjemiske arbeiderforening), som er den lokale foreininga av NKIF. Mellom anna leia han streiken under lockouten i 1986. Han var vararepresentant for Bjarne Mørk Eidem til Stortinget i åra 1989–1993, han sat då i justiskomiteen i Stortinget. Han var fast stortingsrepresentant i åra mellom 1993 og 2001. I tida frå 1993 til 1997 var han òg nestleiar i forsvarskomiteen i Stortinget. Frå 2003 og fram til utnemninga som statsråd, var han fylkesråd for samferdsle og leiar for Arbeidarpartiet i Nordland.

Eriksen vart landskjend då han var med på å overmanna kapraren på eit fly frå Kato Air i 2004. Dermed hindra han at flyet styrta.[2] Han fekk Carnegies heltemedalje i gull i 2005 for innsatsa.[3]

Kjelder endre

  1. Christian A. Unosen (11. februar 2023). «Odd Eriksen er død: – Vi elsker ham fryktelig høyt». an.no. Henta 11. februar 2023. 
  2. «– Du tror at sånt bare skjer på film». NRK Nordland. Henta 8. juli 2017. 
  3. «Får heltemedalje». NRK Nordland. Henta 8. juli 2017. 

Bakgrunsstoff endre